Surnadal kommune varsler sine innbyggjarar om stenging av vatn og brudd på kommunalt ledningsnettet via SMS eller telefon. Det samme systemet blir bruka til å sende ut varsel om feiing av eineboligar og fritidsboligar, og vil kunne bli brukt i ulike beredskapssamanhengar. Eksempel på dette kan vere varsel om stengte vegar under flaum, ras eller liknande.
Les heile saka
I dag vart det montert ein ny og moderne panteautomat for mottak av pantbare tomflasker og -bokar på Matkroken. – Endeleg er det kome små og kompakte pantautomatar som og små butikkar har plass til og ikkje minst råd til, seier Terje Nordvik hos Matkroken Todalen som har investert over 100.000 i den nye panteautomaten.
Les heile saka
Ved Todalen oppvekstsenter er det lang tradisjon for å feire Samefolkets nasjonaldag 6. februar og flagget blir heist til topps. I år vart det ein topp dag både med lassokasting, lunsj og film frå «reinsrace» i Tromsø.
Les heile saka
I dag blir samefolkets dag feira som ein felles dag for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland – og markeres over heile landet som flaggdag på offentlege bygningar. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv Wikipedia
Les heile saka
Under årsmøtet i Sanitetsforeninga tysdag 5. februar vart kunstlotteriet for 2018 avslutta, og biletet vart trekt under nøye oppsikt av årsmøteforsamlinga. Det var seld 545 lodd, og den heldige vinnaren vart Per Reiten, og han var ikkje sein om å møte opp for å ta i mot måleriet. Per var gledeleg overraska, han synest biletet var riktig så fint og skulle nok finne ein høveleg plass til kunstverket av Sissel Storslett heime i Ørsalgeilen.
Les heile saka
I byrjinga av november pågikk det arkeologiske utgravingar i Hallagrenda, og Todalen.no lova å kome attende med info om dei funna som vart gjort der. For ei tid attende kom det ein foreløpig rapport om funna. Under utgravinga vart det funne 4 kokegroper og eit stolpehol, og dei eldste funna er dater heilt attende til folkevandringstida (400-545 e.Kr).
Les heile saka
Vi er klare med den fyrste kåringa i 2019. Og er treng hjelp til å kåre ein vinnar. Med stabilt ver og meir dagslys gleder vi oss på ferske bidrag til dagens bilete.
Les heile saka
Etter ein lang ferie med julehelg og «mørketid» gjekk første Kløverturen i 2019 av stabelen måndag 4. februar. Det vart riktig så god start på sesongen; fint ver og sola skein på Kvennsetgarden. Ho verma faktisk ganske godt! Men det viktigaste var at 14 trimmarar møtte fram første dagen! «Kjekt å gå tur i lag!» vart det sagt.
Les heile saka
Ein lynvisitt på Gammelfabrikken avslørte at det er mykje på gang i den 120 år gamle fabrikkbygninga. Gammelfabrikken har dei siste par ti-åra vore bruka til showrom for produkt frå Talgø-konsernets fabrikkar. Frå 1. juli 2018 er det slutt på møblar og interiør og dermed blir det ledig plass til andre formål i tida som kjem. – I den gamle fabrikkbygninga frå 1899 er heile 2. etasjen revet ut, og vi er komne heilt innpå skalet, fortel Anita Talgø som er prosjektleiar for renoveringa av Gammelfabrikken.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening minner om at dei held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 5. februar kl. 18.30
Les heile saka
Ved Svinvika går det to kraftlinjer over Todalsfjorden som tilhører Statnett. I dag vart det funne ei brannskadd blåse på sjøisen under kraftlinja, og folk som var på sjøisen i går påstår at den har falt ned i løpet av natta. Blåsa var brannskadd, men elles er det uklart kvifor den er brannskadd og når det eventuelt har skjedd eit lynnedslag eller liknande.
Les heile saka
Surnadal Taekwondo har ei stor tropp som deltek i Midtnorsk mesterskap i Trondheim i helga. Kjell Gunnar Polden er med som leiar og har sendt oss ein liten rapport under vegs i misterskapet, der mellom anna 3 todalingar har hevda seg bra så langt. Dette er ein av dei første gongane det deltak todalingar i Midtnorsk mesterskap og han var fornøyd med innsatsen.
Les heile saka