Søknadsfristen for nytt opptak til Kulturskolen på Indre Nordmøre nærmar seg med stormskritt. I disse dager vil det bli delt ut brosjyre til elevane ved skulane på Indre Nordmøre med meir info til elevane.
Les heile saka
Søknadsfristen for nytt opptak til Kulturskolen på Indre Nordmøre nærmar seg med stormskritt. I disse dager vil det bli delt ut brosjyre til elevane ved skulane på Indre Nordmøre med meir info til elevane.
Les heile sakaSurnadal kommune, kultureininga, har fleire tilskottsordningar og tildelingar av leigetid i gymsalar m.m. som skal avgjerast med det første.
Les heile sakaNo kan du få kjøpt 100-årsboka til IL Søya også på Matkroken i Todalen. Terje Nordvik er ein raus handelsmann, som velvillig stiller med hylleplass for alle som har ulike bøker og tidsskrifter til salgs. Her finn vi blant anna både historielagshefter, slaktarhistorier og alle dei tre nye bydebøkene frå Surnadal.
Les heile sakaDet var stor interesse for å lære poding av frukttre i Svinviks Arboret med eit knapt tjuetals deltakarar på podekurset i arboretet. Kurset er for så vidt eit ledd i arbeidet med å restaurere frukthagen som Hallvard Svinvik i si tid etablerte, og dette skjer etter økonomisk støtte på rundt 150.000 frå landbruksdepartementet. Arboretet har forplikta seg til å formidle kunnskap om poding av frukttrær og derfor har arboretet interesserte deltakarar, fortel Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret.
Les heile sakaSurnadal Pensjonistlag minner om påmelding til sin trivselskveld på Thon Hotel Surnadal onsdag 10.4. kl 19.00. Her blir det enkel middag i restauranten, før det blir kaffe og dans i Gladlaksen med Trond Larsens kvartett.
Les heile sakaSanitetsforeninga minner om at det er Kløvertur måndag 1. april. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11.00.
Les heile sakaNeste helg, nærare bestemt søndag 7. april er det basar til inntekt for Toåa Tursti. Det er eit stykke att før prosjektet er fullfinansiert, men alle monner dreg i rett retning og folk er dyktige til å støtte opp med loddkjøp, seier Elinor Bolme som hadde sin tørn med loddsalg da vi stakk innom laurdag. Du rekk enno å stikke innom butikken for å kjøpe lodd, men det blir også sjanse for forhandskjøp komande fredag den 5. april.
Les heile sakaSurnadal golfklubb inviterer sine medlemmar til oppfriskningskurs på reglane for golfklubben tirsdag 9. april kl 18.00. Her blir det både gjennomgang av sentrale reglar og nye regelendringar. Oddvar Væge og Emil Naterstad står for gjennomgangen som skjer i klubbhuset til golfklubben på Kvanne.
Les heile sakaIL Søya melder om at tidlegare annonsert klubbrenn i morgon dessverre er avlyst grunna manglande føre. Sidan det også er meldt ruskete vêr i morgon, flyttar dei avslutninga etter sesongens barn i løypa til neste helg.
Natt til søndag er det igjen tid for å stille klokka til sommartid. Og regelen for kva veg du skal stille klokka er både enkel og grei. Du skal alltid stille klokka mot sommaren. Om våren blir det da fram 1 time og om hausten stilles klokka tilbake igjen – mot sommaren.
Les heile sakaHer er det oppdatert liste over tillitsvalde i Todalen idrettslag etter årsmøtet 27. mars 2019:
Les heile sakaSøndag 7. april inviterer Toåa Tursti til basar i Todalen Ungdomshus. I den anledning blir det også byttemarked i kjelleretasjen. Her blir det muligheit for å levere inn bruka sportsutstyr som ein ikkje treng lenger, som kanskje nokon annan har behov for.
Les heile saka