Onsdag denne veka var Kjetil Haugen og Bjørnar Åsbø frå Rossåa settefiskanlegg ute på ein ny runde med rognplanting. Dei hadde med seg Kjell Øyen, som har sendt oss nokre bilder frå utsetjinga av nærare 20 000 rogn i Toåa.
Les heile saka
Onsdag denne veka var Kjetil Haugen og Bjørnar Åsbø frå Rossåa settefiskanlegg ute på ein ny runde med rognplanting. Dei hadde med seg Kjell Øyen, som har sendt oss nokre bilder frå utsetjinga av nærare 20 000 rogn i Toåa.
Les heile sakaDet vart ei triveleg ettermiddagsstund med trekkspellkonsert i Skulstua laurdag ettermiddag. Det var 4/6-deler av The Invalidos som var forsterka med trubaduren og trekkspellmannen Konrad Nerland frå Lyngstad som sørga for underhaldninga. Med eit 20-tals tilhøyrarar blir det midt i blinken å kalle arrangementet for intimkonsert.
Les heile sakaMåndag 11. mars kl. 11.00 inviterer Todalen sanitetsforening til trimøkt i Sanitetshuset. Fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset er instruktør. Det blir trim både for vaksne og godt vaksne, både for dei som stiller på Kløvertur og Rusletur og alle andre interesserte som ønskjer gode trimtips!
Les heile sakaDet er no nyoppkjørte skuterløyper frå Øyalia, via Snekkardalshalsen og til skihytta melder Terje Nordvik som i dag har med seg Torkjel Ansnes Moe og Einar Husby på tur. Dei anbefaler resten av oss til å ta seg ein skitur i helgas finver. På Tjønnmyra blir det i løpet av ettermiddagen oppkjøyrt nye spor. Litt […]
Les heile sakaSøndag 10. mars kl. 11.00 er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Da er det første søndag i fastetida, og fiolett er den liturgiske farga. Kristin Strand er prest og Bernt G. Bøe er organist. Preiketeksta er frå Matteusevangeliet, 26, 36 -45. Takkoffer til Kirkens nødhjelp.
Les heile sakaSkulstuå i Todalen minner om sin klesbyttedag søndag 10. mars. Her oppfordrar dei til å hente fram klær frå «glemselen» som kanskje andre kan ha nyte og glede av under sin «Klesbyttedag». Dette er IKKJE ei klesinnsamling, men ein byttehandel. Har du ikkje eigne egna plagg å ta med deg dit kan du likevel komme og sjå om du finn noko å ta med heimatt.
Les heile sakaI går kveld vart årsmøtet i todalen.no gjennomført i Todalen ungdomshus. Ikkje for fullsett sal akkurat, så dei formelle sakene gjekk rimeleg raskt unna. Leiar Stig Husby gjekk igjennom årsmelding og rekneskapen gjennom det som må seiast å være eit «normalår» for nettstaden. 2018 var ikkje året for dei store aktivitetane utanom den daglege drifta.
Les heile sakaTrimopplegget til Surnadal pensjonistlag fortsett framover kvar onsdag kl 11.00. Takka vere at Svein Tjelle har teke på seg instruktørjobben, skriv pensjonistlaget i ein epost.
Les heile sakaOnsdag samla Surnadal Sparebank næringslivsfolk og andre interesserte til Næringslivsdag i Surnadal kulturhus. Det er 16. gong banken inviterer til slik samling, som skal være ei inspirasjonskjelde for både næringsliv og politisk miljø. Arrangementet har oppgjennom åra samla kåsører og foredragshaldarar frå øverste hylle og med mange aktuelle tema om økonomi, leiarskap og andre tema.
Les heile sakaDet er artig å høre på folk som kan sitt fag og er gode til å formidle og dele kunnskapen med andre. Kirsty Mckinnon er ein av dei som passar til denne karakteristikken. Grundig, sakleg og god å høre på. Tysdag kveld var ho på Hageland Surnadal med sitt foredrag om hagebruk og formidla gode råd og mykje kunnskap til eit 50-tals hagebruksinteresserte.
Les heile sakaI kveld kl 19.30 er det årsmøte for Todalen.no, og styret håpar at fleire tek turen til Todalen Ungdomshus for å sjå kva som har gått for seg i 2018. Det er dei kommersielle medlemmene som bedrifter, lag og organisasjonar som har stemmerett, men alle våre personlege medlemmar (utan stemmerett) og andre interesserte er også hjarteleg velkomne til ein gjennomgang av året som har gått.
Les heile sakaStem på februar sitt månadens bilete
Les heile saka