Som nemnt på siste medlemsmøtet tiSurnadal Pensjonistlag vil det bli arrangert busstur til Romsdalsmuseet i Molde. Turen er planlagt den 22.mai med avgang frå kulturhuset på Skei kl 0900. Første etappe går til Molde og Romsdalsmuseet. Deretter køyrer ein vidare til Bud og restauranten Bryggen i Bud.
Les heile saka
Dei siste dagane har det vore kantrydding etter FV671 frå Todalskrysset og retning Todalen. Det er Skog-Kompaniet som har jobben med kantrydding langs fylkesvegen og brukar ein stor traktor med hogstaggregat, kran og flishoggar.
Les heile saka
Torsdag 2. mai er det andre runde påstavgangarane. Denne gongen er det Bøfjorden som er utfarstmålet. Parkerer ved båthavna i Bøfjorden og så blir der vandring langs fjorden.
Les heile saka
I går kveld var det invitert til dugnad i Gunnøya for rydding av deler av trasséen der Toåa Tursti skal gå. Dagens sti går langsmed elva stort sett heile vegen i Gunnøya, og er dels utsett når elva blir på det største. Derfor vil den nye oppgraderte stien bli trekt litt lengre inn i terrenget […]
Les heile saka
Surnadal Golfklubb har no offisielt åpna banen til spel. I påska starta dei jobben med å få banen sesongklar, og kan no presentere ein tipp topp bane før 1. mai.
Les heile saka
Onsdag 1. mai frå kl. 14.30 og utover inviterer Surnadal Arbeiderparti til arrangement i foajeen i Surnadal kulturhus. På programmet står mellom anna tale av stortingsrepresentant Else May Botten Norderhus og appell av ordførarkandidat Annett Ranes.
Les heile saka
Når det livnar i lundar og lauvast i li, inviterer kor og operaartistar til årleg Vårsongfest i Bøfjorden. Søndag opnar grendahust dørene til kvitrande vårtonar, allsong og sjøsalt kabaret. Gruppa TriOpera med Sigrid Vetlester Bøe, Maria Moen Nohr og Hedda Hansen Berg har makta å vekkje stor opera- og songinteresse på indre Nordmøre. Musikk som tidlegare vart skrudd av på radioen, har dei siste åra trekt fullsett Bøfjorden Grendahus.
Les heile saka
Indre Nordmøre forsvarsforening vil i samarbeid med Nordmøre brigadeveteranforening i år markere denne viktige dagen i Tingvoll kommune. Det vil gå minibuss fra Skei kl. 09.00, som tar ferga fra Kvanne kl. 09.30.
Les heile saka
Kulturavdelinga i Surnadal kommune melder at arrangementet ved Svartvatnet 1. mai er avlyst p.g.a. at det er meldt dårleg ver. Det er aktuelt å få til eit nytt Stikk UT!-treff seinare.
Les heile saka
Etter er ein lang påskepause vart det endeleg Kløvertur igjen. Denne siste måndagen i april var turen lagt til Hala og Husby med Åshild som guide. Veret var strålande, meir sommar enn vår! Og det er riktig så tørt og fint å gå i terrenget.
Les heile saka
På siste klubbmøte tysdag 23.april sette vi ein lavvo ved Skulstuå (gammelskulen). Det måtte mykje til for å få den opp. Først sette vi jernstenger ned i jorda og sette opp ei jernstang i midta. Alle hjalp til med å sette opp lavvoen. Då lavvoen var ferdig sett opp hadde vi quiz inne i lavvoen.
Les heile saka
Første mai opnar Stikk UT!-sesongen 2019, og i år er det ny turrute her i Todalen: Rundtur om Tjønnmyran. Dette er ein fin og grei tur. Turen er 3,7 km lang, og total stigning er 186 høgdemeter.
Les heile saka