Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 11. mai frå kl. 13.00 – 16.00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 11. mai frå kl. 13.00 – 16.00. Alle er velkomne!
Les heile sakaRododendronblomstringa er godt i gang, og vi inviterer til foredrag om rododendron i kafèen med Ole Jonny Larsen, som mellom anna har gitt ut fleire bøker om temaet. Han vil gi eit «grunnkurs» i rododendron, og kallar foredraget «Rhododendron for dummies».
Les heile sakaDagens stavgangtur gikk frå Rabbleet på Nordvik og utover til Haltbakkan, og hadde rekordarta deltaking med rundt femti i talet, og deltakarar i alle aldrar.
Les heile sakaKyrkjegardsdugnaden torsdag kveld var fort unnagjort. Mellom 40 og 50 kom for å delta på dugnaden, og med effektiv leiing var dugnaden ferdig i løpet av eit par timar. Da var kyrkjegarden og området rundt ferdig rydda og raka og det vart tid til ein lang kaffepause før alle dro kvar til sitt.
Les heile sakaHausten 2013 var alt klart for å opne Hett & Svett som er Todalen I.L. sitt treningssenter i dei gamle lokala til Todalen postkontor. Og jammen har det vore bruka, det bekreftar servicemannen frå Sportsmaster, Kjell Berge, som torsdag har gått gjennom og teke full service på alle apparata.
Les heile sakaLaurdag opnar porten i Svinviks arboret for ein ny sommarsesong. Det er nok på tide, for dersom det kjem litt meir varme no, så blir det nok full rulle med rododendronblomstring i arboretet. Den kalde vêrtypen vi har hatt dei siste dagane har gjort at blomstringa nærast har stoppa opp – sist natt hadde vi kuldegrader i arboretet, fortalte Maja Frønes. Onsdag kveld var det dugnad i samarbeid med Surnadal Hagelag og med god deltaking var det fort gjort å rydde og rake rundt omkring i arboretet.
Les heile sakaI Todalen har skuleborna lang tradisjon for å hjelpe til med plakatar for å marknadsføre 17. mai-feiringa. Det var det velvilje for i år også, så i dag har det vore storstila plakatproduksjon i skulen. Resultatet kan du sjå på biletet på framsida der heile gjengen har stilt opp for fotografering med kvar sin plakat.
Les heile sakaWencke Kvendset har funne ein nøkkel i stien ned mot Gunnøya i dag. Ho har teke vare på den, så om det er din kan du ta turen til Viastua.
17. mai nærmar seg med stormskritt trass iherdige snøelingar den siste veka. Vi har fått tilsendt årets program for Stangvik skulekrets.
Les heile sakaDet er nok mange som har lurt på kva slags byggverk som har vakse fram på austre del av banen på Bordholmen. No er det nok alle som ser at det dreier seg om ein ballbinge, og den er bygd med tanke på Todalsdagen, fortel Knut Bergli i fotballgruppa. – Den blir nok eit populært supplement på Bordholmen som kan brukast heile sommarhalvåret.
Les heile sakaMåndag kveld hadde J11 Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen sin første seriekamp på Bordholmen i år, og det var Surnadal 1 som var på besøk. Til tross for at det berre var nokre få varmegrader var det stor fotballglede og godt humør i gjengen som entra grasmatta på Bordholmen.
Les heile saka