Tydeleg at turstiprosjektet «Toåa Tursti» engasjerer bygdefolket. Søndag samla basaren som vart arrangert fullt hus i Todalen ungdomshus, og det kom inn pengar så det monner denne gongen også. Heile prosjektet med tursti frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua er kostnadsrekna til rundt 1,2 mill. kroner, der ein halvpart skal finansiert med midlar og dugnadsinnsats og den andre halvparten skal finansierast med tippemidlar.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 8. april. Da går turen på Nordvik, frå Sjøleet og etter vegen utover til Haltbakkan, fin grusveg og ikkje bratt. Start frå Matkroken/Hals kl. 11.00.
Les heile saka
Mange tok turen innom Sanitetshuset laurdag ettermiddag; det er kjekt å møtast til triveleg samvær og kaffelag. Strikkepinnane gjekk flittig; her vart det strikka både kjolar, teppe, vottar, lestar, kofter og kopptuer.
Les heile saka
Vi stakk innom Todalshytta for å sjå kor langt dugnadsarbeidet er kome, og vart litt overraska over at det no faktisk er berre litt finpuss som står att – og sjølvsagt litt opprydding. Så kan hytta tas i bruk, sjølv om hytta ikkje skal være døgnopen og betjent turisthytte i sommar. Fotturistane får bruke Ishuset og Jomfruburet som sjølvbetente overnattingsplassar, og Todalshytta vil bli leid ut til arrangement som for eksempel konfirmasjonar, bursdagar og bryllupsarrangement.
Les heile saka
Geir Jonny Husby Jenstad i Sunndalen lurer på om det er nokon av todalen.no sine lesarar som kan ha informasjon om dette bildet. Han skriv i ein epost at han ikkje veit hverken når eller kor det er teke, men at det er komme forslag på at dette kan væra Torbudalen kokkelag.
Les heile saka
Snøen held enno taket, men fuglane har begynt å synge, og det er på tide å presentere årets Stikk UT! -turmål! I år er det til saman 215 turmål fordelt på 17 kommunar I Møre og Romsdal. Av desse er 98 gradert grøn, 85 blå og 32 raude. 61 av turane er trillevenlege og 59 er nye spennande turar for året. Men sjølv om vi her presenterer årets sommarprogram så minner vi om at Stikk UT! Ski -sesongen varer heilt fram til 2. påskedag, så nettsida til sommar-Stikk UT! vil ikkje vera oppe før etter den tid!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 6. april i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.
Les heile saka
Løypesjef Terje Nordvik i Todalen IL sin scooterkomite melder om oppkjøyrte løyper til helga. Mannskapet har fleire ruter å freiste med til helgas finvêrsutfart. Trasseen til Tresteinan går denne gongen opp Husalia om Teljan frå Sandbakken. Ellers er det også oppkjøyrt frå enden av skogsveneg i Øyalia til Snekkerdalshalsen og vidare utover til Skihytta.
Les heile saka
Våren er den travlaste tida på lasteplassen for Talgø MøreTre. All produksjon passerer lasteplassen og blir handtert minst 2 gonger – både når varene blir plassert på lager og når dei skal skipast ut. I mars var det ekstra travelt for dei 6 på lasteplassen, for da vart oppnådde dei beste marsmånad i Talgø MøreTres historie med omsetning på 60,2 mill.
Les heile saka
I går kveld hadde Todalen Grendalag sitt aller første årsmøte. Foreninga vart eit utspring av det gamle PT-utvalget som tidlegare har vore eit «tvangs-organ» vald utan at dei valgbare har vore spurt, i forbindelse med kommunevalga. Og med oppstart på juni i fjor sp var det ikke all verden dei hadde å vise til i årsmedinga si. Men to grendamøter, eit høringsutkast til skuledebatten og kartlegging av ale ledige bustader i bygda var likevel noko av det dei hadde fått igjennom på kort tid.
Les heile saka
De aller fleste i dalstrøket kjenner til Ingvild Kårvatn og hennes brennende engasjement innen ulike frivillige og helsebringende arenaer. I helga er hun som leder av region Midt medansvarlig for Norsk Forening for Cystisk Fibrose sin opplærings-og og årsmøtehelg på Stjørdal.
Les heile saka
Todalen grendalag melder om årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 4. april. kl 19.30. Grendalaget håper på godt oppmøte og engasjement frå bygdefolket. Mellom anna er det ønskeleg for styret at møtelyden kjem med innspel om prosjekt og oppgåver som det nye grendelaget skal jobbe med. No er saklista for årsmøtet klar – bla om så finn du saklista for årsmøtet:
Sakliste for årsmøtet i Todalen Grendalag torsdag 4. april kl. 19:30
- Godkjenning av innkalling
- Godkjenning av saksliste
- Val av møteleiar og referent
- Val av 2 til å skrive under protokollen
- Årsmelding
- Rekneskap
- Innkomne saker/forslag
- Val
Vel møtt!