Todalen sokneråd minner om friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag kl. 12. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen sokneråd og TILs Trimgruppe som vil servere grillpølse og andre forfriskninger etter gudstenesta.

Todalen sokneråd minner om friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag kl. 12. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen sokneråd og TILs Trimgruppe som vil servere grillpølse og andre forfriskninger etter gudstenesta.
1.påskedag er siste dag med kunst- og fotoutstilling i Skulstua. Det er Reidar Østvik og Sissel Halset Storslett som i samarbeid har hatt utstilling – Reidar Østvik med fotoutstilling i 1. etasjen og Sissel som har stilt ut måleri i 2. etasjen. Da vi var innom i ettermiddag var det over hundre persjonar som har vore inn i løpet av desse dagane. Det var dei godt nøgd med.
Les heile sakaPåskekrimmen sine vegar er uransaklege. Det nærmar seg løysing, men først må vi ein tur på bua.
Les heile sakaDen lengste fredagen i året er over. Kjerringdiltar 2019 er kåra, men det verkar som at det er Halle som er sentrum denne påska. Eit mysterium i seg sjølv. Men ikkje heng deg opp i det, vi lurar vel alle på kva kameraet til Grasforskar Grønmyr har fanga opp?
Les heile sakaFørste påskedag (søndag 21. april) samlast sjakkentusiastar til påskesjakk på Matkroken Todalen. Har du lyst til å bli med er det berre å møte opp i tidsrommet 16 – til 18. På to timar blir det tid til to parti for alle, med ei tid på 30 minutt for kvar.
Les heile sakaI dag har definitivt vore ein utedag både på fjell og ved sjø. Tradisjon tru har trimgruppa avvikla det årlege skirennet «Kjerringdilten» rundt Skihytta. Vel 35 personar tok turen til fjells, og dei aller fleste deltok i skirennet med den gjeve vandrepokalen som mål.
Les heile sakaGunnøydilten er det nye påsketrimalternativet, som faktisk har engasjert mesta heile bygda for å ut på trim. Med god hjelp av det fine påskevêret arrangerte TIL trimgruppa Gunnøydilten som eit alternativ til Kjerringdilten. Gunnøydilten var slett ikkje tenkt som ein konkurrent til Kjerringdilten, men satsa på eit heilt anna publikum.
Les heile sakaFotografering på Halle. 10 årsjubileum for todalen.no. Ein heil episode utan Handelsmann Nordvik eller Lunde-gaupa. I går var ein underleg dag i påskekrimmen. Og det blir ikkje betre i dag.
Les heile sakaTorsdag opna utstillinga til Sissel Halset Storslett og Reidar Østvik i Skulstuå. Mange tok turen innom i det fine påskevêret
Les heile sakaÅrets seterrenn er nr 91 i rekkja, og da går det vel an å kalle det tradisjon, sjølv på Nordvik. I løpet av dei 91 åra har det sikkert vore ymse vêr og ymse føreforhold, og vi veit da at det fleire år har vore alternative arrangement på grunn av snømangel i området rundt Nordviksetra. I år var det iallfall nok snø til å arrangere sjølve seterrennet, men hopprennet og kulerennet må stå over til neste år, og var erstatta av ein improvisert natursti som var ei fullgod erstatning og engasjerte mange.
Les heile sakaDette har hendt: Påskehøgtida er i gang med panting og handel på Halsbua. Nokon er mindre gode på å lese plakatar, noko som førte til ein episode ved panteautomaten. Merkeleg. Ein skulle jo tru at slekt i sjuande ledd på sørsia visste betre. Og det var det ikkje berre frk Bladfyk som meinte.
Les heile sakaLangfredag 19. april er det tradisjonell «Kjerringdilt» på Skihytta på Ørsalfjellet. Da er det uhøgtideleg langrennskonkurranse på idealtid og med flott vandrepokal som premie. Alternativt kan du delta på Gunnøydilten som er heilt ny av året. Den har start frå Trøbakkan eller frå Halsabrua og går til Gapahuken ved Gunnøya.
Les heile saka