Stille og vakkert med Merete Husby som fotograf, stakk av med koppen og æra for det beste bilete i april. Vi gratulerer, og lovar å levera premie snarast.
Les heile saka
Stille og vakkert med Merete Husby som fotograf, stakk av med koppen og æra for det beste bilete i april. Vi gratulerer, og lovar å levera premie snarast.
Les heile sakaPå grunn av snø/føretilhøva på kyrkjegarden er dugnaden som er tillyst i kveld utsett til torsdag 9. mai kl 17.30, melder soknerådet. Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad, så får vi gje kyrkjegarden eit eit løft før sommaren tek tak.
I helga har det vore avslutning av randonéesesongen, med arrangement i Tromsø. I samband med reisa nordover var det sjølvsagt knytt stor spenning til om flystreiken skulle øydelegge sesongavslutninga. Det gjekk bra, og arrangement vart det og Erik Kårvatn representerte Todalen i Tromsø Skimo Skittentind.
Les heile sakaStrandryddegjengen i Nordvik grendalag trossa vêr, vind og snøbyger og gjorde jobben laurdag føremiddag. Det er heilt utruleg kor mykje plast dei fann berre på strandlina forbi Nordvik, konstaterte strandryddarane.
Les heile sakaSanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 6. mai. Denne gongen startar turen frå Sanitetshuset kl. 11.00. Det blir tur innover skogsevgen eller oppover til Løfta.
Les heile sakaMåndag klokka 18 har J11 Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen sin første heimekamp på Bordholmen. Dei møter da Surnadal 1, og dei håpar på litt publikum rundt banen. Kiosken blir åpen med både kaffe, bakels og graut.
I dag 4. mai er det nasjonal strandryddedag. Grendalaget oppfordrer de som har lyst til å delta på strandryddedagen til å møte opp og bli med. Oppmøte i Røe-stranda kl 11 for utdeling av roder og sekker. Kaffeservering fra kl 13, melder grendelaget.
Kvitveis, drømmepåske og «møkkjalokt» . April var nydeleg, noko som også gjenspeilar seg i kandidatane for april.
Les heile sakaMåndag 6. mai kl. 17.30 blir det dugnad på kyrkjegarden. Det blir rydding, raking og oppretting av gravstøtter, fortel soknerådet som står som arrangør av dugnaden. Ta med høveleg reiskap – soknerådet sørgjer for dugnadskaffe. Under dugnaden vil sokneråde orientere om aktuell omdisponering av bårehuset til reiskapshus.
Les heile sakaYr.no lovet ikke akkurat det beste turværet i dag, men Stavganggruppa er ikke så nøye på været og tur til Bøfjorden det vart det. Og været det ble da slett ikke verst i Bøfjorden, skriver Wenche Ø. Kvendset som har sendt oss bilder fra turen.
Les heile sakaSom nemnt på siste medlemsmøtet tiSurnadal Pensjonistlag vil det bli arrangert busstur til Romsdalsmuseet i Molde. Turen er planlagt den 22.mai med avgang frå kulturhuset på Skei kl 0900. Første etappe går til Molde og Romsdalsmuseet. Deretter køyrer ein vidare til Bud og restauranten Bryggen i Bud.
Les heile sakaDei siste dagane har det vore kantrydding etter FV671 frå Todalskrysset og retning Todalen. Det er Skog-Kompaniet som har jobben med kantrydding langs fylkesvegen og brukar ein stor traktor med hogstaggregat, kran og flishoggar.
Les heile saka