Laurdag nytta John Moe høvet til å merke parkeringsplassane framfor Talgø-fabrikken på Kvennset. Tidlegare har Matkroken fått rydda opp i parkeringa framfor butikken, slik at det blir flyt i trafikken.
Les heile saka
Laurdag nytta John Moe høvet til å merke parkeringsplassane framfor Talgø-fabrikken på Kvennset. Tidlegare har Matkroken fått rydda opp i parkeringa framfor butikken, slik at det blir flyt i trafikken.
Les heile sakaLaurdag var lokale kandidatar på Senterpartilista på valkampplass utafor Matkroken i Todalen. Frå Todalen stiller Ragnar Halle, Ragnhild A. Moe og Håvard Halset på Senterpartiets liste – i dag hadde dei med seg Nils Håvard Øyås på stand.
Les heile sakaSurnadal Arbeidarparti melder:
Treff ordførarkandidat Annett Ranes og fleire flinke folk på Ap sin stand ved Matkroken i Todalen i dag! Vi er der frå kl. 14. Velkommen!
142 stemmer av 291 stemmer totalt vant Ingri Bruset månadens bilete for Juli. Vi gratulerer. Tusen takk til alle som sender oss bidrag. Nye bidrag sender du til red@todalen.no
Les heile sakaNok ein gong har Leikarvollen Scene og Bøfjorden Grendalag booka ein kjent artist for opptreden i Bøfjorden Grendahus. 27. oktober kjem Henning Kvitnes med sin nyaste turné, som denne gongen er tilpassa mindre scener og plassar som ikkje har vore besøkt av artisten tidlegare.
Les heile sakaI kaffekroken på Matkroken er det no komme opp to nye bilder i salgsutstillinga som har hengt der ei stund. Dei nye bidraga er det Elisabeth Marie Aas som har fotografert, og motiva er frå Todalen. Terje Nordvik fortel at utstillinga blir hengande til 1. september. Etter det kjem dei gamle historiske bilda opp att på veggane.
Les heile sakaFolkemusikaren Torgeir Leivdal og fotokunstnaren Reidar Østvik gjestar Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Levande musikk og vakre bilete står på programmet.
Reidar Østvik bur i Todalen. Han arbeider med teknikkar som gir vanlege foto nye kunstnarlege dimensjonar og viser eksempel på dette. Østvik gjesta Bøfjorden også i 2011.
Les heile sakaVariabel, kan vi vell seia at juli var. Når vi starta med nysnø i fjella, og avslutta med hetebølge. Mykje fine bileter har kome inn til oss. og vi har plukka ut nye kandidatar til månades bilete kåring.
Les heile sakaDet er fortsatt rå å få tak i billettar til laurdagens jubileumsfest i Todalen Ungdomshus. Marit Tørset og Edvard Nordvik på Matkroken har så langt solgt i underkant av 40 billettar siste veka, og har heilt klart fleire igjen. Mange ventar kanskje i lengste laget før dei kjøper, og satsar kanskje på salg ved døra trur dei to, noko som gjer det litt utfordrande for dei som planlegg matserveringa.
Les heile sakaI morgon torsdag 8. august inviteres det til spansk tapasaften på Pakkhuset kl 19. I år som tidlegare er det dei spanske kokkene fra Holmatrøa som står for serveringa.
Påmelding direkte til Siri Lund eller ved ein sms på telefon 47613150.
Les heile sakaI 2013 reiste Gjertrud og Odd Ingar Skrøvseth til Roma for å følgje i Kalla Skrøvseth’s fotspor. Kalla reiste til Roma i 1952 for å studere mosaikk-kunst, noko som ho seinare arbeidde mykje med, og det betydde mykje for ho som kunstnar i alle år.
Les heile sakaVi minner om turen som Stangvik Historielag arrangerer førskomande laurdag, den 10. august. Alternativ for start på turen kan vera ved Skjersåa innafor Rønnan, ved bommen for skogsbilvegen som går utover Stangvikliene, eller ein kan kjøre utover denne vegen (bomavgift kr 50,-) til ein ser skiltet STORSETRA på høgre side av vegen.
Les heile saka