Fredag 16. og Lørdag 17. august står norsk vandrefestival for tur med årets festivalarrangement. I år skal dei ha base i Svinvika, men fredagskvelden arrangeres kveldens konsert i tunet hos Slettneset Steinovnsbakeri. Her får vi først høre Tea Megaard før Anders Jektvik slepper til.
Les heile saka
Sigrid Elise Talgø inviterte til «salong-salg» på Tovbu i Øyagrenda. Mange kom for å sjå, mange fann både riktig fine og nyttige saker her! Nesten ingen gjekk tomhendte heim att!
Les heile saka
Mange kom og ville hjelpe til med slåttedugnad på kyrkjegarden i dag. Det gjorde at det gjekk fort unna å få slått rundt kyrkjegardsmuren på begge sider, rundt alle gravstøttene, kyrkja og heile plen arealet. Graset var slettes ikkje på overtid, men med det fine veret som har vore i det siste var det greit å få teke ein skikkeleg slått rundt om.
Les heile saka
I dag vart ei Dakine veske/toalettmappe funnet i Brusetmarka. Den inneheld blant anna eitt medisinskrin med dagsrasjonar.
Les heile saka
Dei siste dagane har det vore stor aktivitet på Tovbu i forbindelse med rydding i det gamle meieriet i Øyagrenda. I den anledning blir det arrangert «salong-salg» i dag og i morgon mellom klokka 16 og 18, fortel Sigrid Elise Talgø.
Les heile saka
Kyrkjegarden har i sommar vore slått på dugnad. Dette har stort sett vore organisert av Ragnar Halle og Eivind Grønmyr. Førstkommende torsdag kl 18 skal dei til med ei ny økt, og treng hjelp til å slå heilt inntil gravstøttene og rundt kyrkjegardsmuren.
Les heile saka
Det er Solveig Glærum som kjem med denne oppfordringa. Ho seier at det er alt for ofte at ho kjører gjennom tunellen at ho treffer syklistar og gåande som ikkje har lys fram og bak på sykkelen – og ikkje skikkeleg refleks.
Les heile saka
Straks før du kjem til Svinviktunellen på Todalssia, har det i «nattens mulm og mørke» ramla ut ein stein som ligg like ved vegkanten. Den ligg rett nok utafor vegbanen, men kan likevel være skummel.
Les heile saka
Einy Rendal Elgsæther og Svein Volle feira bryllaup i vinter. Laurdag inviterte dei til heidundrande musikalsk etter-lag som open gratiskonsert i Stangvik-kyrkja. Svein og hans sunnmørske slektningar stod for det meste av programmet. Og for ein musikkfamilie! Orgel, klarinett, fløyter, horn, solosong, familiekor – og endatil ein 7-årig fiolinist gledde og imponerte den store forsamlinga. Frå vennekretsen deltok pianist (og komponist) Svein Gjære, munnspelaren Ola Bræin og pianist Hedda Hansen Berg.
Les heile saka
I Innerdalen har det i natt og i dag vore sett i gang leiteaksjon etter ein mann i slutten av 60-åra. Mannen dro ut på tur onsdag, og har overnatta på Bårdsgården i Storlidalen natt til torsdag. I kveld vart mannen funnen i god behald av turgåarar, skriv adressa.no
Les heile saka
Merete Husby som har dreve med frisørsalong heime i bustadfeltet på Kvennset, har gitt oss beskjed om at desverre har ho ikkje tid og kapasitet til dette lengre.
Les heile saka
Laurdag 27. juli blir det sommarkonsert i Stangvik kyrkje. – Det er Einy Rendal Elgsæther og Svein Volle som inviterer til konsert med slekt og vener som aktørar for eit variert program med m.a. Mozarts klarinettkonsert i a-moll ved Roar Alnes Aarum på klarinett og Margaret Standal Volle Haugland på orgel.
Les heile saka