Det vart riktig godt oppmøte på sesongens siste Fredrikkekaffe, blide damer og god stemning. Ei riktig så triveleg stund med handarbeid, kaffe, kaker og livleg prat!
Les heile saka
Det vart riktig godt oppmøte på sesongens siste Fredrikkekaffe, blide damer og god stemning. Ei riktig så triveleg stund med handarbeid, kaffe, kaker og livleg prat!
Les heile sakaI føremiddag var det kontroll av promille og førarkort ved Talgøfabrikken på Kvennset. Anders Magne Ormset og Olav Halse frå lensmannskontoret i Surnadal kontrollerte trafikken inn- og ut av bygda. Dei rakk å kontrollere rundt 25 billistar på den stunda dei stod der og vi kan straks røpe at resultatet var positivt. Ingen fekk anmerking verken for promille eller mangel på førarkort – alle todalingar var klåre, fortalte Ormset etter at kontrollen var over.
Les heile sakaSunndal Mållag feirar i år 100 år og ønskjer å markere dette med å gje nordmøringane ei litterær og musikalsk førjulsoppleving. Edvard Hoem og dottera Ine kjem til Sunndal kulturhus den 17. desember kl. 19:00 og held ein heilt spesiell julekonsert.
Les heile sakaDen siste veka har det pågått arbeid med ny vasskjelde for Skrøåa vasslag i Ørsalbukta. Dei har tidlegare henta vatn frå bekken som renn forbi Utigarden Ørsal, der flaumvatn/overflatevatn har vore ei utfordring kvalitetsmessig. No er nytt inntak på gang, og da blir vatnet henta frå Krokann, der det har vore grunnboring for nokre år sia og er ei kjelde med prima kvalitet.
Les heile sakaNordvik grendalag inviterer søndag 10. november til balldag i forsamlingshuset. Her blir det servering av ball med tilbehør frå kl. 15:00 og utover denne dagen.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 9. desember i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile sakaI Sæterlia «snør» det jamnt og trutt om dagen. No gjeld det å nytte kuldegradane for å produsere ein såle med kunstsnø i alpinbakken, slik at ein har noko å slite på utover vinteren. meteorologane lover iallfall ein kald vêrtype til tysdag eller onsdag så her blir det nok snøproduksjon gjennom heile helga. Men ut i neste veke er det fare for mildvêr igjen med søraustleg vindretning ifølge yr.no
Les heile sakaPå Hageland opna dei «julebutikken» i dag. Alle julevarer er på plass i butikken og opningsdagen blir markert i alle Hageland på denne dagen. – Aldri har vi vel hatt så flott juleutstilling og så mykje julevarer på plass i butikken som vi har i år, seier May Britt Dyrli. Dette markerer vi på opningsdagen, og fram til og med laurdag, med 30 % rabatt på alle julevarer.
Les heile sakaSvein Volle med det fine bilete fra Nordvik vant månadens bilete, og sikra seg ein av dei siste plassane i kampen om å bli årets bilete på Todalen.no
Les heile sakaMåndag gjennomføres den årlege markeringa av nordisk litteraturveke. Dette er eit samarbeid mellom biblioteket, skulen og FAU. På biblioteket vil det bli vist fram nye bøker frå tilveksten siste år. Dette er ein fin kveld for å møtest, snakke, lese og bli kjent med tilbodet på biblioteket, fortel rektor Britt Mossing.
Les heile sakaDet blir i morgon, onsdag gjort forsøk på å starte opp med volleyballtrening i gymsalen. Møt opp klokka 19.30, og børst støvet av gamle kunstner, helsar volleyballavdelinga i Todalen IL
Medlemmane i Start 4H intensiverer no klubbaktiviteten fram mot årets haustfest laurdag 16. november. I går kveld var gjengen samla i Skulstuå, og planlegging av program og alt som høyrer til ein haustfest til, vart gjennomgått.
Les heile saka