Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny vasskjelde skal forsyne heile Ørsalbukta

Jon Olav Ørsal Fredag 8. november 2019

Den siste veka har det pågått arbeid med ny vasskjelde for Skrøåa vasslag i Ørsalbukta.  Dei har tidlegare henta vatn frå bekken som renn forbi Utigarden Ørsal, der flaumvatn/overflatevatn har vore ei utfordring kvalitetsmessig.  No er nytt inntak på gang, og da blir vatnet henta frå Krokann, der det har vore grunnboring for nokre år sia og er ei kjelde med prima kvalitet.

Gudmund Hyldbakk som er leiar i vasslaget, fortel at Skrøåa vasslag i dag har 13 abonnenter. Dei er lokalisert frå Haukåa og utover heile grenda, og dei vil altså få oppgradert vasskvalitet. Det er Per Gjeldnes Maskin som utfører gravearbeidet, med kryssing av Haukåa både med strøm til pumpeanlegget og rør for vatnet.

Her blir Haukåa kryssa – her legges det rør både for straum og vatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Her ligg vassreservoar og pumpestasjon som skal forsyne heile grenda med nytt vatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Vasskjelda som skal forsyne heile anlegget har ein kapasitet på 1,1 liter/sek, og det skal etter sigende være rikeleg. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 8. november 2019, 13:41