Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte på sjukeheimen tysdag 25.2. kl 1500. Vanlege årsmøtesaker. Etter årsmøtet blir det underhaldning, servering og loddsalg. Vel møtt!
Surnadal pensjonistlag er medlem i Todalen.no
Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte på sjukeheimen tysdag 25.2. kl 1500. Vanlege årsmøtesaker. Etter årsmøtet blir det underhaldning, servering og loddsalg. Vel møtt!
Surnadal pensjonistlag er medlem i Todalen.no
Måndag 10. februar var sett som dato for Kløverturoppstart. Yr melde om ekstremver, «Elsa» – med høg flo, regn og vind. Men 6 trimmarar trossa veret og stilte framfor Halsbua kl. 11, og tur vart det!
Les heile sakaSoleklar førsteplass til fint bilete frå Stangvik. Gratulerer til Ellinor Moen, vi lovar å få levert deg premie. Tusen takk til alle bidragsytarar til dagens bilete. Nedanfor finn du alle kandidatar med fotograf.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til ein ny sesong med Kløverturar. Det blir oppstart i morgon, måndag 10. februar. Turen blir etter Toåa tursti, altså ein mjuk start etter ein lang juleferie. Oppmøte ved Matkroken/Halsbua, og start derifrå kl. 11.00.
Les heile sakaIndre Nordmøre Forsvarsforening vil minne om årsmøtet, som holdes på Hammerstuene, Surnadalsøra fredag 14.02. kl. 13.00. I starten av møtet blir det foredrag ved Nils E Naastad, tidligere førsteamanuensis ved NTN/PLU i Trondheim.
Les heile sakaSjølv om det var fint ver og sol ute, var det godt oppmøte på årets andre strikkekaffe. «Triveleg å treffast,» vart det sagt rundt borda.
Les heile sakaUKM – Ungdomens Kulturmønstring – som blir halde i kulturhuset 14. mars, skal vere ein møteplass der ungdom skal få vise fram det dei brenn for, vera det seg scenekunst, dans, film, litteratur, musikk – og lista er lengre enn lang, så vi tek sats og held fram: …teater, visuell kunst, spillutvikling, film, musikk, street dance, kunst, og kva det elles kan vere du syslar med! Du har litt tid til å melde deg på, men du treng absolutt ikkje vente heilt til søndag 1. mars – for dette må du få med deg! Påmeldinga gjer du på ukm.no.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 8. februar i tidsrommet kl. 13.00 – 16.00.
Les heile sakaDet var ikkje måte på med ekstremvarsel for onsdag og torsdag denne veka, men heldigvis vart det ikkje slik som yr.no og varsam.no varsla at det kunne bli. Faktisk var det meldt at det kunne kome inntil 200 mm nedbør i løpet av 48 timer. Hadde det gjort det hadde det nok sett heilt annleis ut. Men faren var der, med ein del snø i fjellet og meldingar om mildvêr og regn med snøsmelting heilt til topps.
Les heile sakaEin våt januar er over og vi har tromma sammen til månadens bilete kåring. Hjelp oss med å stemme fram ein vinnar.
Les heile sakaOnsdag kveld var ny samling med «kvardagsdata» i Skulstuå. Denne kvelden var det PC-bruk og Windows som stod på programmet – og litt om bildehandtering. Det er etter kvart mange som har samla ein del bilder på sine mobiltelefonar, som har eit stort behov for å få bilda over på PC’n for å kunne sikre […]
Les heile sakaI går var det informasjonsmøte i Todalen Ungdomshus med tema Todalen/Kårvatn som innfallsport til Trollheimen. Todalen er som tidlegare nemt valgt til å vere Surnadal kommune sin hovedinnfallsport til Trollheimen, og det er Verneområdestyret i Trollheimen som er pådrivar for å få til ei best muleg løysing rundt dette.
Les heile saka