Ein gjeng birøktarar var i dag samla til kursdag i Skulstuå i Todalen. Dagens tema var «sjukdom og hygiene hos bier», og dette er eigentleg eit autorisasjonskurs der birøktarane skal lære seg å ta vare på helsetilstanden i bikubane sine. Kurset går over 4 samlingar, med avsluttande eksamen. Kurset er laga av Norges birøktarlag i samarbeid med Mattilsynet, fortel kursleiar Anders Talgø.
Les heile saka
Lørdag 29. februar kl 13.00 ønsker Surnadal Kunstforening velkomne til utstillingsåpning i Finstuå, Surnadal Kulturhus.
Denne gongen har dei glede av å presentere keramiske verk av Brit Dyrnes og akvareller av Beate Gjersvold.
Les heile saka
Stor variasjon på Surnadal kino i helga: frå komisk inspirasjon til Oscar-sensasjon!
Les heile saka
Grunna vedlikehald i Svinviktunellen er det i kveldstimene onsdag kveld manuell dirigering på begge sider fram til ca 23. Karane i Mesta oppfordrar til roleg kjøring rund arbeidsstaden.
Det er no køyrt opp skuterspor opp Øyalia til Snekkardalshalsen, og vidare til Skihytta på Ørsalfjellet, melder TILs skuterkomitee. Dei rapporterer at det er mykje snø på fjellet, og oppfordrar folk til å vise stor respekt for rasfaren i fjellet.
Les heile saka
Einy Rendal Elgsæther er framleis utan førarkort. – Det er no godt og vel eit halvt år sia ho mista førarkortet og fikk 8.000 kroner i bot etter ei utforkøyring og no vekkjer saka litt oppstuss i media. I dag er det eit oppslag i Adresseavisa, både i papirutgåva og på nettutgåva adressa.no, der Einy har skrive eit lesarinnlegg. Einy trudde det nærast var automatikk i å få det att etter at «straffa var sona», men no er det gått ti dagar over tida og ho «sonar» no på overtid…
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag fortsett treninga i dansesalen på Landbrukshuset. Og melding til alle som har glede av å trene med fysioterapeut: Det har ordna seg!
Trening som før på torsdager kl 1100! – Møt opp og ta gjerne med naboen, oppfordrar Bitten Ranes i Stavganggruppa!
Måndag 17. februar skein sola, gradstokken viste 12 varmegrader og det var lite vind, mest som ein fin vårdag. Vegen var berr og tørr, og det vart ein retteleg fin og triveleg Kløvertur utover Stranda.
Les heile saka
SkiMo youthcamp Nordmøre er vel i hamn og kan glede seg over eit vellukka arrangement, som starta på Kårvatn fredag kveld og fortsette i Sæterlia på laurdag og vart avslutta med konkurranse i settemsdalen på Søndag. Det var Trollheimen Fjellsportklubb som var arrangør og arrangementet famna både den eldre og yngre garde – og da spesielt dei yngre med tanke på rekruttering til randoneesporten.
Les heile saka
Den siste veka har det pågått tømmerdrift i nedre del av Øyalia. Det er Solli Skog som jobbar der, og dei stiller med både hogstmaskin og lastbærer så det går fort unna og drives effektivt. Det er eit felt med furuskog som no blir teke ut – rundt 8-900 m3 slik det ser ut no, fortel Ståle Ansnes som er skogeigar.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 17. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl.11:00. Turen blir etter allmannvegen, enten utover Stranda eller oppover bygda.
Les heile saka
Neste veke blir det meir «kvardagsdata» i Skulstuå, melder Anders Talgø, som er primus motor for opplegget. Neste veke blir det og på onsdag – og delt i to økter – føremiddagsøkta for iPad og kveldsøkta for PC-brukarar. Merk deg at du kan kome og bli med sjølv om du ikkje har vore med på dei første arrangementa.
Les heile saka