Så er tida komen for å opne for gudstenester i kyrkja igjen. Første gudstenesta i Todalen kyrkje blir søndag 24.mai kl. 11:00.
Les heile saka
Så er tida komen for å opne for gudstenester i kyrkja igjen. Første gudstenesta i Todalen kyrkje blir søndag 24.mai kl. 11:00.
Les heile sakaMed nærare 40 cm nysnø på Vang er det duka for reopning av akebakkan og lysløypa på Vang. Dette er nok nærast ein kurositet, men kanskje er det mest for å vise fram den nye tråkkemaskina, seier Anders Fritjof Røen til Todalen.no. For nokre dagar sia kom den nye tråkkemaskina til gards, og det er […]
Les heile sakaOnsdag kveld avvikla Todalen.no sitt årsmøte som har vore utsett sia 2020. Ta det som eit teikn på at aktivitetane i bygdelivet er i ferd med å kome i gang att, og leiar Stig Husby presiserte at årsmøtet er arrangert i samråd med kommunelegen – med 2 meters avstand til kvarandre og flaska med desinfeksjonssprit ved inngangsdøra.
Les heile sakaMed 10-15 cm blaut nysnø skal man jammen passe farten, og kanskje aller helst la bilen stå i garasjen. Sjølv om det er delvis bart på vegane rundt bygda, så er det sørpe og snøføre utover, stranda og spesielt over Åsbøen. Der hadde ein bil hamna utfor vegen, og bilberging var i gang. Bildet ovafor […]
Les heile sakaDet er nå bare en stor måned til starten på laksefisket i Toåa. Startskuddet går den 15. juni og da holder vi det gående til 15. august, sier Asbjørn Karlsen i Todalen elveeigarlag. Sammen med Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta han optimest foran årets sesong – det ligger til rette for en god sesong i Toåa i år. Karlsen var lenge spent på hvordan koronakrisen skulle verke inn på laksefisket, men det ser nå ut som det meste er på plass innen starten i juni.
Les heile sakaBiblioteket på Skei har no starta med utlån av bøker via Frivilligsentralen.
Biblioteket er framleis stengt, men Frivilligsentralen i MøbelFiske-bygget vil formidle både innlevering og utlån fram til biblioteket forhåpentleg snart blir opna.
Kriseleiinga hadde i dag sitt første møte i mai månad. -Situasjonen vi no befinn oss i er prega av mange omstillingsprosessar og er ikkje mindre krevjande å handtera, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. Det er stor pågang frå bedrifter og arrangørar som ønskjer råd. Som kommuneoverlege er eg takknemleg over at aktørar tek kontakt og utviser ansvarlegheit. Ein evner å komme fram til akseptable løysingar i dei fleste tilfelle.
Les heile sakaKulturhuset vil framleis vere stengt, men det vil, inntil vidare, bli vist film på onsdagar og søndagar. Og sia 17. mai er på søndag, blir det berre vist to filmar på onsdag denne veka.
Det vil berre bli muleg å kjøpe seg unummererte billettar over nett, og alle vil bli tilvist plass når kinosalen opnar.
Les heile sakaMåndag ettermiddag var det uvanleg aktivitet ved Brusetbrua; fleire karar, bilar og til og med ein stor gummibåt på ein hengar. Det viste seg å vera mannskap frå O. E. Hagen dykkerfirma frå Stryn.
Les heile sakaFor snart tre månader sidan var det Kløvertur i vårver med 12 varmegrader og sol. I dag, 11. mai, vart det tur i snøeliingar med skosnø og vebju. Men heile 11 turdeltakarar tok turen oppover skogsvegane på Kvennsetliene!
Les heile sakaVêrgudane spelar ikkje akkurat på lag med dei som no ønskjer seg fint vårvêr for å drive med meir vårlege aktivtetar som våronn og hagestell. Andre dagen på rad vaknar vi opp til nysnø, om ikkje akkurat skiføre. Den blaute nysnøen kjem nok bort like snart som den kom, dersom vi får eit solgløtt i løpet av dagen.
Les heile sakaNo har vi komme til Romådalen på vår arkiv-visning. Vi deler Romådalen opp i tre bolkar for vi har så mange bilete i arkivet. I dag kan du gjera deg betre kjent med Ytre Setrene i Romådalen.
Les heile saka