Det har i dag vore eit beredskapsmøte i oppvekst. Overordna gjeld at vi er ekstra nøye med at barn med nyoppståtte symptom ikkje skal i barnehagane eller skulane. I samarbeid med smittesporingsteamet har ein komme fram til følgjande status for barnehagar og skular:
Les heile saka
OPPDATERT! – Kveldens G9/10 kamp er utsett!
Kveldens planlagde kamp på Bordholmen mellom Søya/Todalen G9/10 – Surnadal G 9 er utsett til måndag 28.september kl. 18:00.
Les heile sakaSøndag: Det er så langt i dag ikkje påvist nye smittetilfelle
Kommuneoverlegen har så langt ikkje fått påvist fleire nye smittetilfelle i dag. Dette er status pr. 17:50 søndag kveld.
Les heile saka
Todalen Idrettslag – har tilhengar til utleige
Todalen Idrettslag har investert i ein heilt ny tilhengar for å kunne utføre transport av laget sitt utstyr og materiell mellom dei mange anlegg sine og andre stadar. Tidlegare har laget vore avhengig av å låne tilhengar til alle transportoppdrag, men no blir dei altså sjølvberga på dette området. Saman med kjøpet av tilhengaren har Idrettslaget og kjøpt lastesikringsutstyr og presenning for at transporten skal vere sikker. Om nokon treng å leige tilhengar, så er det berre å ta kontakt med Lars Stensby. Prisar og kontaktinformasjon lenger nede i saka.
Les heile saka
Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12 – Molde J12 2
Søndag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag sin 5.kamp på 8 dagar. Kampen vart spela på Søyabanen og motstandar var Molde J12 2. Vêret var ganske bra heilt til siste halvdel av andre omgang, men då hadde vêrgudane bestemt seg for å opne slusene på vidt gap.
Les heile saka
Tre fotballkampar på Bordholmen
Neste veke er det ikkje mindre enn tre fotballkampar på Bordholmen stadion. På måndag er det G9/10 kamp, torsdag er det J9/10 kamp og på laurdag er det G12 kamp. Det vil bli open kiosk på alle kampane med sal av m.a. bakels med graut.
Les heile sakaKløvertur i Øyalia
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Øyalia måndag 21. september. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Turen startar frå parkeringsplassen ved Ungdomshuset ca. 11.10. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Tur til Syltnebbå
Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag melder:
Tirsdag 22.9. går turen til Syltnebba. Vi møtes på parkeringsplassen ved alpinsenteret kl 1100 og følger veg/sti til toppen. Hugs mat og termos!
Nytt smittetilfelle relatert til tidlegare påvist smitte
Kommuneoverlegen fikk laurdag kveld melding om eit nytt påvist smittetilfelle med covid-19 knytta til testing i regi av den pågåande smittesporinga.
Les heile saka
Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12 – Midsund J12
Laurdag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag kamp mot Midsund J12 på Alvundfjord stadion. Det var gode speleforhold og til og med sola kika så vidt fram under kampen.
Les heile sakaALTI Forvaltning AS overtek forvaltninga av Falksenteret
I ei felles pressemelding onsdag denne veka orienterte ALTI Forvaltning AS i Surnadal og Falksenteret Eiendom AS som eig Falksenteret kjøpesenter på Kyrksæterøra om at dei hadde underteikna ein forvaltningsavtale som inneber at ALTI Forvaltning AS i Surnadal overtek forvaltninga av Falksenteret.
Les heile saka
NIBIO med fagtur til Nordvik og Todalen
Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO, har 15 avdelingar spreidd utover heile landet, mellom anna har dei ei avdeling på Tingvoll. Dei tilsette her var torsdag 17. og 18. september på fagtur til Nordvik og Todalen og avslutta fredag ettermiddag med ein avstikkar til Stangvik.
Les heile saka