Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt smittetilfelle relatert til tidlegare påvist smitte

Jon Olav Ørsal Sundag 20. september 2020

Kommuneoverlegen fikk laurdag kveld melding om eit nytt påvist smittetilfelle med covid-19  knytta til testing i regi av den pågåande smittesporinga.

Det er ein vaksen person i same krets som no har fått påvist smitte, så dette smittetilfellet påverkar ikkje smittesporinga. Dette var status pr. kl. 21:30 laurdag kveld.

Alle testar er ikkje analyserte per no. Vi forstår at det er knytt spenning til utviklinga av den pågåande smittesituasjonen. Dersom vi får melding om fleire påviste smittetilfelle, vil vi komme med ei oppdatering søndag  føremiddag og ei ny statusoppdatering om kvelden, søndag, skriv kommuneoverlegen i si pressemelding.

Publisert: 20. september 2020, 07:48