«Mank» er godt mogleg filmen som vil vinne Oscar i år? Filmen handlar om opphavet til det som blir rekna som «verdas beste film», «Citizen Kane» – sjølv om den i si tid berre vann ein Oscar, nemleg for beste manus.
Les heile saka
«Mank» er godt mogleg filmen som vil vinne Oscar i år? Filmen handlar om opphavet til det som blir rekna som «verdas beste film», «Citizen Kane» – sjølv om den i si tid berre vann ein Oscar, nemleg for beste manus.
Les heile sakaAnleggsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, fortel at løypetraseen no er tråkka, men at det ikkje er køyrt på spor endå. Grunnen til dette er at det ikkje er nok snø endå til å gjere det, men det er snø i heile traseen og fine forhold for ein skitur.
Les heile sakaNo er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 7. desember og tysdag 8. desember. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.
Les heile sakaKriseleiinga i Surnadal kommune, gjorde på sitt siste møte, nokre justeringarav i lokale råd og konkretiseringar av nasjonale tiltak. Dette er justeringar av dei tidlegare råda kriseleiinga gjekk ut med tidlegare i november.
Les heile sakaPå Surnadal eldreråd sitt møte i dag, fekk Surnadal Røde Kors si besøkstjeneste overrekt Eldrearbidsprisen for 2020. Det var ordførar Margrethe Svinvik som delte ut prisen, på vegne av eldrerådet. Dette var 10.gongen prisen vart delt ut.
Les heile sakaLaurdag 28.november klokka 17:00 tenner Todalen Grendalag den, etter kvart, tradisjonelle julegata si mellom Matkroken og Talgø, og på Talgø. Den planlagde julemarknaden må dessverre avlystast. Dette på grunn av Koronasituasjonen.
Les heile sakaNår vi treffer Arve Evensen, er han i gang med å rive ut kjøkeninnreiinga på Todalshytta. Den er gammal som arvesynda, og avslørte seg i sommar da det vart skikkeleg trøkk som restaurantkjøkken. Arve trekker pusten djupt, og fortel om kor tungvint det var å jobbe med matlaging – det ga både lang ventetid for gjestane og stor slitasje på mannskapet. No når roa har senka seg og vi har fått tid til å reflektere over sommarsesongen er det klart at ein ser ting som kunne vore gjort betre og enklare – ein ser både pluss og minus, men det som driv meg vidare er mellom anna alle dei trivelege gjestane og kontaktane som vi har hatt kontakt med.
Les heile sakaFrå klokka 11:30 er det normal drift att på sambandet Kvanne – Rykkjem. Etter å ha vore innstilt i to periodar, i morgontimane og på føremiddagen i dag, er det altså no normal drift att i sambandet. Fjord1 presiserer likevel at sambandet kan bli innstilt att på kort varsel. Så her må ein berre følge med!
Les heile sakaSanitetsforeininga melder at kløverturen oppå Tjønnmyran måndag 23. november er utsett på grunn av ver- og føreforhold. Viss forholda ligg til rette for det, vil det bli sesongavslutning på Tjønnmyrå måndag 30. november.
Les heile sakaSurnadal Kunstforening markerer overgangen mellom haust og vinter med utstillinga «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Todalingen Sissel Halset Storslett er ei av dei 14 av medlemmane av kunstforeninga som er med på utstillinga som var opna laurdag 21. november. Med Alex Trio og tonar frå varmare strøk der sola faktisk skin hakket oftare enn på «Schjess» vart utstillinga […]
Les heile sakaVi har fått advarsel om eit stort stygt hål i vegbanen på Halanesvegen, rett på oversida av Ramsøya, på høgersida av vegen på tur innover. Så skal du køyre innover Halanesvegen, så kan det vere lurt å ta det litt med ro her.
Les heile sakaSamferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok på sitt møte 9.november i år nye takstreglar for reiser med buss og hurtigbåt. Dei nye takstreglane trer i kraft 1.juanuar 2021, og inneber nokre vesentlege endringar for dei som reiser med buss, endringar det kan vere greitt å kjenne til.
Les heile saka