Styret i Todalen.no minner om årsmøte torsdag 18.mars klokken 20:00. Alle medlemmer er velkomne, både lag og organisasjonar, bedrifter, og personlege medlemar.
Les heile saka
Styret i Todalen.no minner om årsmøte torsdag 18.mars klokken 20:00. Alle medlemmer er velkomne, både lag og organisasjonar, bedrifter, og personlege medlemar.
Les heile sakaTysdag kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag. i Nordvik forsamlingshus. På grunn av koronasituasjonen var det påmelding i forkant, spriting av hender når ein kom og dro. Møtedeltakarane var òg plassert med god avstand til kvarandre. Kaffebrøda kom innpakka frå butikk, så ein kan trykt seie alle smittevernreglane var godt ivaretekne under årsmøtet. Odd Arild Sande vart valt til ny leiar etter Oddvar Mikkelsen.
Les heile sakaSom ein direkte konsekvens av smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen, er Kirkens Nødhjelp sin tradisjonelle Fasteaksjon digital i år ôg, slik som i fjor. Fasteaksjonen er Norges andre største innsamling, og har vore arrangert i meir enn 50 år. Tidlegare år er det konfirmantane som har stått for bøssebæringa. I fjor vart innsamlinga heildigital, slik den òg blir i år.
Les heile sakaPop Up-utstillinga i finstuå på Surnadal kulturhus 8.mars vart ein stor suksess. 15 lokale kvinner og 1 mann hadde meldte seg på med eigenproduserte kunstverk til utstillinga. Responsen frå publikum var òg veldig bra, dei tre timane utstillinga var open.
Les heile sakaSå langt i år har Sanitetsforeninga arrangert fire kløverturar; alle fire med god deltaking og i bra ver.
Les heile sakaSurnadal kommune melder:
Denne veka blir det oppstart med vaksinen frå AstraZeneca til gruppe 5, i tillegg til dei som skal ha dose 2 med Pfizer – BioNTech.
Les heile sakaStåle Ansnes i Todalen Idrettslag sitt driftsstyre vinteranlegg fortel at det no er nypreparerte løypetrasear i lysløypa på Tjønnmyra. Det er meldt meir snø utover ettermiddagen og kvelden, og driftsstyret vil preparere løypetraseane fortløpande framover.
Les heile sakaLaurdag 20. og søndag 21. mars står Trollheimen fjellsportklubb som arrangør av Kårvatn Skimo 2021, der Norgescupen er ein del av arrangementet. Årets arrangement er det 10. i rekkja, der Norgescupen har vore ein del av arrangementet. Etter snøfallet siste helg er det fine tilhøve i Dalalia for å arrangere årets Skimo Kårvatn 2021.
Les heile sakaLaurdag 20.mars mellom klokka 12:00 – 16:00 arrangerer Indre Nordmøre forsvarsforening (INF) Skiskytingas Dag på Gravvold i Bæverfjord. INF vil i samband med arrangementet ha eit introduksjonskurs for nybyrjarar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 8. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaDet vart ein ny god dag for todalingen Erik Kårvatn, som har delteke i VM i randoneé i Andorra. Laurdag var siste konkurransedag, da den individuelle konkurransen gikk av stabelen. Laurdag morgon var det ganske tett tåke i området, og det medførte at arrangøren måtte korte ned løpet og velge ein litt anna og nedkorta trasé. Dagens trase hadde berre rundt 780 høgdemeter og hadde ikkje innlagt nokon etappe med ski på sekk. Erik endte i laurdagens konkurranse på 12 plass, noko han er godt nøgd med.
Les heile sakaSiri Skjerve skal i perioden 25.mars – 25.april ha separatutstilling på Møre og Romsdal kunstsenter i Molde. Utstillinga har ho kalla «As We Evolve». Siri lagar skulpturar av tradisjonsgarva skinn som er bearbeidd til mellom anna feittgarva skinn, råhud og pelsskinn. At skinna er tradisjonsgarva inneber at dei ikkje er industrielt garva. Siri nyttar Jutulskinn i Vågå til garvinga av skinna ho brukar, og saumar skulpturar med voksa lintråd. Skinna i skulpturane til utstillinga i Molde, er stort sett frå lokale jaktlag i Todalen, og Siri vil nytte høvet til å takke jaktlaga for leveransane.
Les heile saka