Det knyter seg stor spenning til laurdagens arrangement av Kårvatn Skyrun komande laurdag. Kristoffer Nordvik skal forsvare fjoråret triumf, da han gjekk heilt til topps i Kårvatn Skyrun. Da spørst det om kneskaden han pådro seg tidlegare i år tåler ein langtur i fjellet. Erik Kårvatn har også steke plasseringer frå VM i Italia og frå Skyrace – Sans Senja, og må nok finne seg i å ha eit favorittstempel og være med og kjempe om pallplass.
Les heile saka
Det skjer torsdag 19. august. Vi samlast ved bommen på Holtamoen, til vanlig tid kl 11:00, og samkøyrer opp til bommen oppi dalen. Ta med stolar! Alle er velkomne til å bli med!
Søndag 22.august, mellom klokka 12:00 – 16:00 inviterer Slettneset steinovnsbakeri til open kafe og bakeriutsal. Denne gongen kan dei freiste med nystekte kanelsnurrar, pistasjfletter og vaniljeknutar. Det er og mogleg å kjøpe grovbrød og surdeigsbrød, for å ta med heim og kose seg med seinare.
Les heile saka
Til dels store nedbørsmengder sørga for skikkeleg fiskarelv dei siste par dagane – natt til søndag var toppen på vassføringa på 48 m3/sek, men minka for ned igjen på 20-talet på søndag ettermiddag. De to siste dagene vart det faktisk teke 11 laksar – dei to største på 9 og 10,5 kg medan resten var […]
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i ettermiddag, får vi siste nytt om koronavaksineringa. Neste veke vil mange fleire bli vaksinerte med dose 2 enn tidlegare estimert. 200 kommunar får no to ulike mRNA-vaksiner til disposisjon for å fullvaksinere flest muleg raskast muleg.
Les heile saka
Etter dagar med regn og skodde kom måndagen med godt ver; ein riktig fin dag for å starte opp med ny kløvertursesong. Det er ferietid enno, men 8 turdeltakarar vart med på turen til Svabu.
Les heile saka
Vassverket som sørger for vassforsyninga på Hala og Husby, samt Smålandsgrenda slit med vasslegeransen. Problemet har oppstått i løpet av natta, og i føremiddag har det pågått feilsøk på anlegget. Situasjonen er enno uavklart, men ei liten lekkasje er funne og er reparert. Det er tidvis litt vatn i kranane, men det er utan trykk […]
Les heile saka
Med over halvparten av stemmene ble månadens bilete for juli, nydelig kveld i Svinvikbotten teke av Magne Svinvik. Bilete oser av god sommer stemning, og det gjorde nok kvelden også. Vi gratulerer og premie skal vi få levert. Tusen takk til alle bidragsytere til dagens bilete, redaksjons mailen vår tek alltid mot nye bidrag. Troldhaugen, […]
Les heile saka
Førstkommande fredag, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til sommarens siste bakeriutsal. Denne gongen, kan dei i tillegg til det vanlege bakevarene, freiste med ferske sjokoladekaker,
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 16. august. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Komande døgn er det finale for laksefisket for i år – søndag kl 24:00 er det definitivt slutt for i år i Toåa for i år. Fisket har den siste tida vore sterkt prega av lita vassføring og dermed vanslege tilhøve for laksefiskarane.
Les heile saka
På grunn av tekniske problem, som følge av stor vassføring i Bjøråa, er det innført kokepåbod av drikkevatnet frå Bjøråa vassverk. Dette blir abonnentane informert om i ei tekstmelding frå Surnadal kommune.
Les heile saka