Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppdatering Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. desember 2021

Med bakgrunn i dei nye smitteverntiltaka, som vart presentert tysdag, og etter samråd med lokale helsemyndigheiter, har Todalen Idrettslag bestemt at Hett & Svett skal halde ope, nesten som normalt, men med nokre viktige smitteverntiltak. Todalen Idrettslag håper at brukarane følgjer desse smitteverntiltaka, slik at ein slepp å iverksette ytterlegare tiltak eller rett og slett må stengast. 

Hett & Svett vil vere opent alle dagar som i dag, men følgjande viktige smitteverntiltak blir gjort: 

  • Maks tre personar kan trene samtidig.
  • Alle treningsapparat skal spritast etter bruk.
  • Elles gjeld dei smittevernreglane som har vore fram til i dag.     

Det er førebels ikkje bestemt korleis opningstidene på Hett & Svett blir i jula, eller om det blir heilt stengt. Dette vil bli bestemt rett før jul, etter ei samla vurdering i samanråd med lokale helsemyndigheiter. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 9. desember 2021, 10:56