Leiar Maren Ansnes ønskte 18 medlemer vel møtt til årsmøtet, og ho syntest det var ekstra kjekt å seie velkomen til ein ny medlem i foreininga. Medlemstalet den 31.12.2022 var 87.
Les heile saka
Leiar Maren Ansnes ønskte 18 medlemer vel møtt til årsmøtet, og ho syntest det var ekstra kjekt å seie velkomen til ein ny medlem i foreininga. Medlemstalet den 31.12.2022 var 87.
Les heile sakaLaurdag 11. februar, mellom klokka 11:00 – 15:00, inviterer Lia gard til «morsdagsutsal». Så da blir det mogleg å sikre seg nokre godbitar, for å overraske mor med på morsdagen søndag den 12! Førehandsbestiller innan torsdag 9. februar klokka 12:00.
Les heile sakaTorsdag 9. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaStyret i Surnadal Jeger og Fiskerforening kallar inn til årsmøte torsdag 16. mars klokka 19:00 i skyttarhuset på Angråmyra skytebane. Vanlege årsmøtesaker. Det blir servering av pizza, brus, kaffe og kake!
Les heile sakaI ei pressemelding frå Svorka no på sein føremiddagen, blir vi informert om at Svorka Installasjon blir etablert og vil vere operativt frå 1. september i år. Dette skjer gjennom ei samanslåing av El-Co og Real Installasjon, to selskap Svorka har eig hundre prosent av sidan i fjor haust. Svorka Installasjon vil ha hovudkontor i Rindal, med avdelingskontor i Surnadal, Meldal og på Orkanger.
Les heile sakaStyret i Surnadal Arbeiderparti minner om sitt årsmøte torsdag 16. februar klokka 19:00 på Thon hotel Surnadal. Vanlege årsmøtesaker. Tidlegare stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen frå Tingvoll, deltek på årsmøtet som gjest.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 7. februar kl. 18:30.
Les heile sakaDet er så tett i teten så langt denne månaden, at vi minner deg difor på å halde fram med å røyste på din favoritt som månadens bilete for januar. Kåringa vert avslutta ved midnatt onsdag 8. februar. Og som alltid blir vi svært glade for bidrag til dagens bilete!
Les heile sakaSamefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv Wikipedia på sine nettsider.
Les heile sakaSurnadal Blades, som har med fleire todalingar på trening og kampar, var laurdag på trening og treningskamp i ishallen Arena NordVest i Kristiansund. Frå Todalen var det Jakob, Nicole og Hallvard, Lars Ailo og Mikael som deltok denne helga. Først var det trening saman med hockeymiljøet i Kristiansund, før dagen vart avslutta med treningskamp mot IL. Braatt. I tillegg var Lisa og Natasha med på treninga og ikkje minst som ivrige supporterar under treningskampen.
Les heile sakaSurnadal heimbygdlag inviterer til årsmøte måndag 27. februar på Thon Hotel Surnadal. Årsmøtet startar kl. 19:00.
Les heile sakaVi kan trygt seie oss enige med Gudmnd Kårvatn når han karakteriserer denne helga med Kårvatn Skimo og NM i randonee som ei kjempehelg. To vellukka renn er vel i hamn, og er gjemmomført til punkt og prikke. Lokale heltar har fått vist kva dei står for og Erik Kårvatn kan skilte med to NM-titlar på heimebane – rett nok har han vore åleine i klassen sin – Menn U-20, men han hadde i dag beste tid på vertikalen, og var i mål på 25:07.5. Vi lar oss imponere av det.
Les heile saka