Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bjørgulf blir 70 – parkerer bussen

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. desember 2022

Etter endt teneste i dag parkerer Bjørgulf bussen forgått – da tek iallfall kjøreplana slutt og skuleborna tek ferie – og om eit par dagar blir Bjørgulf 70 på lille julaftan.  Bjørgulf Øyen har etterkvart nærare 40 år etter vegane. – No sist som skulebussjåfør i 18 år, med tidlegrute frå Todalen til Surnadal vidaregåande, […]

Les heile saka

Onsdag kveld kl 22.48 snur sola – endeleg!

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. desember 2022

Onsdag er det årets kortaste dag – «sola snur» nemleg 21. desember 2022 kl 22:48 for å være heilt nøyaktig.  Frå da går det mot lysare tider heilt fram til sommar solverv.  Vi er altså midt inne i mørketida , og det er nok mange som ser fram til at «sola kjem att» i løpet av januar eller kanskje ein også når i februar før ho er attende.

Les heile saka

Enn å øydelegg ta fine sparkføret!

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. desember 2022

Åse V. Redalen var ikkje heilt fornøgd med tingenes tilstad da vi trefte ho i dag.  – Enn å øydelegg det fine sparkføret med strøsand, no når det var så fint.  Etter at strøbilen tok runden rundt bygda så «skurkar» det nok litt både her og der.  Dei som brukar sparkstøttingen tykkjer no at det er litt ubehøveleg å bruke så mykje sand, medan vi som køyrer piggfritt tykkjer at det blir trygt og godt å kjøre – iallfall dersom det blir nokre varmegrader og kanskje nokre regndråpar.

Les heile saka

«Kyrkja vår – Stangvik»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. desember 2022

Rykande fersk bok om «Kyrkja vår – Stangvik» har akkurat kome ut. Som nyaste bok om lokalt kyrkjeliv, kom boka i handelen no rett før jul. Boka er skriven av Bernt Bøe i samband med 125-årsjubileet for noverande Stangvik kyrkje. Soknerådet ønskjer med dette å dokumentere levd kyrkjeliv før og no.

Les heile saka

Adventlotteri – tjuande trekning tysdag 20. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. desember 2022

Vi er komne til luke 20, og no strammar det seg til – i dag er det heile 4 gevinstar attafor luka.  Den første gevinsten hamna i Øyagrenda, og vart vunne av Byteng.  Den andre gevinsten var eit parti kanelsnurrar som hamna på Nordvik…

Les heile saka

Adresse Betlehem

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. desember 2022

Etter eige ønske feira Todalen og Stangvik oppvekstsenter skulegudsteneste måndag. Det vart ein livleg og lærerik time i Stangvik-kyrkja. Før klokkene ringte, fortalte prest Torbjørn Brøske litt om kyrkjerommet. Det er «skipet» med oss alle ombord, på veg gjennom livet, sa han. Og rommet fremst heiter «koret», fordi det var songarane sin plass i gamle dagar.

Les heile saka

.Adventlotteri – nittande trekning måndag 19. desember

Jon Olav Ørsal Måndag 19. desember 2022

I dag startar vi på siste veka med Adventlotteri – siste dagen er nemleg laurdag når vi skal opne luke nr 24 – da blir det finale.  Men først må vi ta dagens luke, som nummer 19, og i dag var det faktisk heile 3 gevinstar!  Den første var eit par pulsvarmarar som var vunne av Pestua – og blir det like kaldt i jula som det har vore den siste veka, så blir dei gode å ha.  Spennande med to gevinstar til i dag – den andre ….

Les heile saka

Stemningsfull julekorsert i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 18. desember 2022

P17-koret og Todalen sokneråd arrangerte i samarbeid julekonserten i Todalen kyrkje søndag ettermiddag.  Med dirigent Bernt Bøe som musikkalsk leiar var det sjølvsagt spedd på med forsterkingar, både instrumentalt og med solistar.  Solistar under dagens konsert var Turid Røen Kroknes, Maria Reppen og P17-korets eigen Øystein Moe. 

Les heile saka

Opningstider på kulturhuset jul og nyttår

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 18. desember 2022

Julehøgtida nærmar seg med stormskritt, noko som inneber nokre endringar i opningstida på Surnadal kulturhus og biblioteket. Opningstidene som gjeld i jule- og nyttårshelga finn du på eigen plakat nedanfor. 

Les heile saka

Adventlotteri – attande trekning søndag 18. desember

Jon Olav Ørsal Sundag 18. desember 2022

Lotterigjengen er klar med neste trekkjing, sjølv om det er søndagsmorgon.  Som vanleg er det 2 gevinstar, og den første gevinsten er eit brett med nylagte egg – 30 i talet, så her ligg det an til kokt egg kvar dag gjennom heile jula.  Heldig vinnar er Liv Jorunn B Moe, som er lokalisert til […]

Les heile saka

Fredag var det slutt for Talgø-alle’n!

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. desember 2022

Fredag var Per E. Gjeldnes Maskin ute på spesialoppdrag.  Det gikk ut på å felle dei store asketrea i allén ved Talgø gard, som etter kvart har fått så mykje tørre greier at dei var en trussel for trafikken.  Anita Talgø, som er grunneigar, fortel at det har vore fleire tørrgreiner enn nokon gong i år – så no måtte dei berre til pers.

Les heile saka

Adventlotteri – syttande trekning laurdag 17. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. desember 2022

Ny trekning og nye gevinstar er klare for å spre glede rundt om kring til alla kjøparar av adventlodd i bygd og by.  I dag er det også 2 gevinstar som er trekt ut – den første gevinsten er eit innrama bilete med solnedgang uti «fysnå»  – utsikt frå området ved Talgøsetra. Den heldig vinnar vart Peder Klingen Talgø som bur i Trondheim, men som har bestemor i Andersstua som kanskje er loddkjøpar?  Den andre gevinsten er ein bunt med heimbaka flatbrød som er klar for å bli tilbehør til julemiddagen…….

Les heile saka