Laurdag 27. februar kl 20.00 blir det SOLFEST i Todalen ungdomshus.
Det er Todalen idrettslag som står som arrangør, og har denne gongen fått hjelp av deltakarane haustens «Kokkekurs for karra» til å ta ansvaret for maten. Dei tok utfordringa på strak arm, og vil servere eit treretters måltid som ein kanskje ikkje har sett maken til i Todalen ungdomshus tidlegare.
Les heile saka
Etter skogbrannen på Gjeldnes 6. juni 2007, der Todalen Sanitetsforening stilte med mat og drikke til brannmanskapet, har det vore tala om ein omsorgsberedskapsavtale med Surnadal kommune og sanitetsforeninga. Sist sommar vart det av di oppretta ei beredskapsgruppe i Todalen sanitetsforening med Kari Kvendset som leiar. Ho har sidan juli/august 2009 vore i jamnleg kontakt med Surnadal kommune om eit formelt samarbeid.
Les heile saka
I dag arrangerte Start 4H akedag oppi Reita. Det kom mykje folk, både store og små, og både medlemmer og ikke-medlemmer. Les heile saka for fleire bilete.
Les heile saka
Frå Einy Rendal Elgsæther har todalen.no fått oversendt nokre reflekterande tankar angåande at Ranes kyrkje no har vorte midlertidig stengt. Som dei fleste veit er Einy ei av dei som bidreg i fredagsutgåva av Driva sine Helgetankar
Les heile saka
Visste du at Todalen idrettslag har ein fin klatrevegg i redskapshuset på Bordholmen? Rommet et oppvarma og det er ein trufast gjeng som brukar rommet litt innimellom. Ein av desse er Jan Vidar Øyen (18), frå Solvolla. Han fortel at han er innom og klatrar litt 2-3 gong i veka, og da sjølvsagt mest om vinteren.
Les heile saka
Todalen historielag held årsmøte i Ungdomshuset torsdag 4. mars kl 19.30.
På saklista står vanlege årsmøtesaker.
På programmet elles står kåseri med Bernt Bøe og orientering om Møre og Romsdals kulturminneatlas.
Les heile saka
Start 4H arrangerer søndag 14. februar akedag som er åpent for alle som vil. Ta med mat, drikke, ski og akeutstyr sjølv. Start 4H står for bål hvor det blir grilling. Vi held på til vi går lei. Det startar klokka 12.00, så da er det bare å møte opp i Reita ved Halset.
Godt mot, Todalen kjem med 2 nye kurs utover ettervinteren. Det er kurs i stell av motorsag, og kurs i hogsteknikk. Det er plass til 5-6 deltakarar pr. kurs, og det kan bli to kurs dersom det blir nok deltakarar.
Les heile saka
Da Olaus Jeldness (1856 – 1935) dro til Canada for å grave gull i Rossland i Rocky Mountains, brakte han med seg kunnskap om og kjærlighet til skisporten. Mannen fra Stangvik (Han var fra Trøa i Stangvik) ble en pioner både innen gruvedrift og skisport, og vant landets aller første mesterskap i alpint og hopp i 1898. Bragden gjorde ham til skisportens far i Canada.
Les heile saka
Surnadal Husflidslag annonserer nye kurs som det er høve til å ta vera med på:
Les heile saka
Vi har fått følgande kunngjering frå Todalen idrettslag: Årsmøte i Todalen idrettslag blir heldt i Todalen ungdomshus fredag 12. mars 2010 kl 1930. Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå fredag 5. mars.
Les heile saka
Nå har du mulighet til å lære mer om skriving av revytekster m.m. Todalen I.L. i samarbeid med Godt mot, Todalen inviterer til aktiv kurshelg i Stjørdal 26.-28.FEBRUAR. Dette er årets revyfaglige seminar, der hovudemnet er «Den samfunnskritiske teksten». Det er fleire kjente og dyktig innledere, bl.a. Shabana Rehman, Marianne Meløy, Anne Bjørnstad, Frode Eggen og Yngve Kvistad.
Les heile saka