Dei tre skoglaga i kommunen vart einige om å gå saman til eit stor skoglag. Forrige tysdag hadde dei stiftingsmøte i etterkant etter årsmøta. Dermer er det klart for ny giv og aktivitet i det nye laget som har fått namnet Surnadal Skogeigarlag.
Les heile saka
Då er årets artister i mgp jr 2010 kunngjort, og blandt dei 10 utvalgte artistane er det nok en gang eit bidrag fra Surnadals dalføre. Denne gongen er det 10 år gamle Torstein Snekvik fra Kvanne som er kome igjennom nålauget.
Les heile saka
Kappekurset er eit ledd rekka av skogskursa som gikk i haust og i vinter. Kappekurset startar fredag kveld med teoridel i skulen frå kl 20.00 – 22.30, og forsetter laurdag med praktisk del av kurset i Øyalia frå 10.00 til 15.30.
Les heile saka
Margrete Hals, i ein alder av 91 år, får no avløysing som formann av Todalen misjonsforening («Gammelforeninga») etter ei trufast teneste i 40 år. Foreninga fyller i år 165 år og hadde stor 160-års jubileumsfest for fem år sidan. Foreninga har møte i heimane kvar månad, som regel første måndag i månaden, i samarbeid med Sjømannsmisjonsforeninga – Norsk kyrkje i utlandet, der Lovise Jørgensen er formann. Denne delen av foreninga hadde 100- årsjubileum i fjor.
Les heile saka
Frå Stangvikfestivalen ’10 har vi fått pressemelding om operaen «La Traviata» og vi siterer kva dei skriv: STANGVIKFESTIVALEN ’10 vil med dette informere om sitt arrangement, ”La Traviata” en opera av Giuseppe Verdi som settes opp i Bondehuset i Stangvik lørdag den 27. mars.
Les heile saka
Norsk Vandrefestival planlegg premiere 10. august. Den første vandrefestivalen vil få «BaseCamp» på Kårvatn og vil vare frå 10. til 15. august. Måndag kveld møtte Ragnhild Godal Tunheim og Dordi Kjersti Mogstad todalingane på heimebane i Todalen ungdomshus. Dei inviterte todalingane med som arrangørar av den første vandrefestivalen.
Les heile saka
Ein kronhjort som vart merka i Todalen tidlegare i vinter kan no følges på nettsida www.hjortmerk.no . Hjorten heiter Surnadal_Bukk_Green_381 . Oppskrifta for å finne att hjorten på kartet finn du på nettsida.
Les heile saka
Tre postkassane i Lauvåskogan poststativ har fått har medfart i det siste. Etter fotspora på kassane å dømme er dei rett og slett sparka inn og øydelagt med rå makt. Det er dei tre postkassane på nederste rekka som er ødelagt.
Les heile saka
Laurdag vart Birkebeinerrennet arrangert, og på startstreken sto tre todalingar. Det var Johan Kvendset, Nils Ove Bruset og Astrid Halle. Birkebeinerrennet går frå Rena til Lillehammer og er heile 54 km. Berre ein del av deltakarane får merket, etter ei utrekna maksimaltid. Rennet er krevende og det er slett ikkje sjølvsagt at ein klarer merket. Men Johan klarte det denne gongen også, i klasse M- 70. Vi gratulerer!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening har på styremøte bevilga kr 10.000 til hjartestartaraksjonen. Rykta fortel at det er fleire lag som jobbar med saka, så det kjem vel meir etter kvart.
Les heile saka
No har arbeidet med å sette opp den nye brua på Kårvatn kome i gang. Plana er å kutte ut den allmenne ferdsel over den eksisterande med denne nye. Den nye blir no sett opp rett attmed det nye butikk- og lagerbygget som vart oppsett i fjor.
Les heile saka
Det er Todalen historielag som har starta arbeidet med å skanne og registrere gamle bilete som vi kallar skannerpatrulja. Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe kjem til å jobbe med gamle bilete og historielaget har ordna seg med ein «mobil» skanner til slikt bruk.
Les heile saka