Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Heimevernsøvelse på Angråmyra

Heimevernsøvelse på Angråmyra

Ole Petter Talgø Måndag 6. september 2010

Sist veke blei det arrangert heimevernsøvelse for HV-området Indre Nordmøre. Då var rundt 140 HV-soldatar frå Surnadal og kommunane rundt samla på Angråmyra for å friske opp kunnskapane. Det har ikkje vore HV-øvelse i området sidan 2006, og med mange nye rekruttar og lang tid sidan sist øvelse blei fokuset hovedsaklig på individuelle soldatferdigheter som sanitet, skyting, vakthald og søk. Øvelsen starta med noko labert vêr, men det tok seg opp mot slutten av veka.

Området har dei siste åra vore nedprioritert på grunn av at øvelsene har kome seint på året, og andre områder har blitt sett på som viktigare. Områdesjef Magnussen håpar på at det vil bli ny lokal øvelse i 2012, i tillegg til befal som vil få øvelse kvart år.

Publisert: 6. september 2010, 15:18