Torsdag i vinterferien (25. feb) blir det førstehjelpskurs i sanitetshuset. Irene Furuhaug fra HMS kjem og held kurset. Det startar kl 11.00.
Les heile sakaNormal vassforsyning
Midt i førebuinga til Solfesta vart det stopp i vassforsyninga til Ungdomshuset. Da var gode råd dyre, men med hjelp av handtverkar og rørleggar var den frosne vassrøra tina laurdag ettermiddag. Så da kan Solfesta gå som planlagt laurdag kveld.
Les heile sakaVentar på første salva for Trollheimstunnelen
Debatten omkring tunnel gjennom fjellet eller bru over Todalsfjorden har gått i media dei siste dagane. Det var Ola Hals frå Ålvundfjord som hadde samla eit hundretall underskrifter og laga eit mediasirkus rundt det. Han er nok litt seint ute med innspel i ein debatt som egentleg er avslutta for fleire år sidan.
Les heile sakaKvitespor i Surnadal gjentar suksessen
Frå Kvitespor.no har vi fått følgende melding: 26-27 februar 2010 starter Norges mest komplette telemarkshelg i Surnadal. I år lokker vi med 4 øvelser der vi kan garantere deg adrenalin og melkesyre i bøtter og spann.
Les heile sakaDagens bilete
Takk til alle som har ytt bidrag til «Dagens bilete» heilt frå starten av. Vi har fått veldig mange fine bilete som vi har presentertert, og det håpar vi på å få i fortsettinga også! Det har vore fine naturbilete, mest fjellmotiv som har dominert i spalta vår i denne perioden. Vi håper at vi også kan få inn meir av andre motiv i tida framover
Les heile sakaStreiftog rund bygda…
I disse OL-tider er det vel mest fokus på det som skjer i Vancouver, men vi tok likevel ein tur rundt bygda for å «ta pulsen». I den kalde vinden og med fleire kuldegrader i aksjon, trefte vi fleire godt påkledde sambygdinger som dreiv med eit eller anna.
Les heile sakaBallongferd på skuleplassen
Den siste tida har elevane i dei eldste klassane hatt temaet «luft i rørsle» i naturfag. Sist torsdag var det klart til forsøk med å lage varmluftsballong i lag med Randi. Etter mange ulike modellar og forsøk vart det endeleg suksess – berre sjå på bileta. Trur det er første gongen det har sveva heimelaga […]
Les heile sakaNo er det skuleferie, men…
No er det vinterferie for elvane ved Todalen oppvekstsenter, men dagane førut var travle:
Onsdag 10.februar laga elevane fastelavnsris i lag med Todalen sanitetsforeining – dugnad! Stor innsats og flotte bukettar .
Onsdag 17.februar hadde Frode og Åshild frå idrettslaget skitrening i midttimen: Teknikktrening, ulile leikar og stafett – skikkeleg kjekt! Til slutt smaka det godt med saft.
Værvarsel på Todalen.no
Nå kan du sjekke værvarselet på Todalen.no. Vi har inkludert værvarselet fra yr.no, som NRK og meteorologisk institutt står bak, her på siden, hvor du fortløpende kan følge med været for Todalen den neste uka.
Du finner varselet for det neste døgnet på forsiden, mens for lengre varsel kan du gå inn på den dedikerte værsiden.
Saknar du nøklane dine?
Rektor Dordi Jorunn Halle fortel at dei har funne ei nøkkelhonk i snøen på skuleområdet i dag. Det ser ut som det er husnøklar + diverse. Ta kontakt med Todalen oppvekstsenter så får du dei att.
Les heile sakaBondelaget på besøk ved Oppvekstsenteret
I dag serverte Todalen Bondelag førmiddagsmat ved Todalen Oppvekstsenter. Då var alle skule-og barnehageungane samla i gymsalen til eit triveleg måltid. Der vart dei servert kakao, heimlaga steinovnsbaka brød, heimlaga youghurt og mykje anna godt pålegg.
Les heile sakaEldremiddagen – årsmøte og feittysdag
Eldremiddagen i Todalen var onsdag samla til årsmøte og «feittysdag» i Sanitetshuset. Dei er ein trufast gjeng som samlast her kvar onsdag utanom ferietida, og jul- og påskeferien. Da serveres god og variert husmannskost og dette er organisert etter sjølvkostprinsippet, og da serveres det 3-retters middag for 75 kroner. Når det er luksusmiddag som kjøtt og påsse og julemiddag kostar det 100 kroner, fortel det nyvalde styret i eldremiddagen Anne Moe (ledar), Brit Nordvik (styremedlem) og Martinus Torvik (sekretær og kasserar) til Todalen.no.
Les heile saka