Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kristine med eige studio

Kristine med eige studio

Elinor Bolme Måndag 14. februar 2011

Som dei aller fleste har lagt merke til, så er Kristine Saksen Ulvund ein aktiv fotograf. Ho er ein av todalen.no sine faste bidragsytarar, med motiv av det meste. Vi har tidlegare òg omtala at ho har nokre bileter utstilt på Elisabeths Atelier i Trondheim.

Todalen.no var oppom Kristine i helga, for å sjå på gesjeften hennar. Ho har nemleg innreidd eit rom i kjellaren som studio. Her har ho metersvis med lerett og lyskastarar i store dimensjonar, for best mogleg lysssetting. Fotointeressen har gradvis kome, fortel ho, men har i dei siste åra fått grobotn med nytt utstyr og litt ekstra jobbing med hobbyen. Og det aller meste er sjølvlært.

Til no er det vorte mest fotografering av venner og familie, og ikkje minst stilleben, men Kristine fortel at det er makrobileta ho likar aller best å halde på med. Og når ein ser resultata av det, er det forståeleg.

 Makrobilete teke av Kristine.

For å vera aldeles sjølvhjulpen, har det og vorte til at ho har investert i ein egna skrivar. Den skriv ut både på fotopapir på rull og vanleg papir opp til A2+, så her er hverken tapet eller widescreen av Todalen noko hindring.

Fargepatronene er av størrelse stor, minna mest om ein gamaldags VHS kassett.

Her kan du sjå den tidlegare artikkelen om Kristine.

Publisert: 14. februar 2011, 11:00