Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søndag er det museumsdag på Åsen

Søndag er det museumsdag på Åsen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. juli 2010

Søndag 18. juli inviterer Todalen Historielag og Stangvik Historielag til museumsdag på Surnadal Bygdemuseum, Åsen. Her blir det mykje artig å vere med på, for store og små!
Frå dørene opnar klokka 12.00 vil det vere anledning til å få ein tur med hest og vogn rundt på museet. Gamle leikar blir eit av dagens tema – kan du å «vippe jeppe»? Her får du sjansen til å vise gamle kunster, eller lære noko nytt.

Les heile saka

Månadens bilete for juni

Månadens bilete for juni

Ole Petter Talgø Måndag 12. juli 2010

Vi vil gratulera Mari B. Redalen som vinnar av månadens bilete for juni. Denne gongen var det utroleg jevnt heilt inn til målstreken, med stemmer som heile siste kvelden endra teten. Biletet «Sommersol», av Mari B. Redalen gikk seirande over mållinja, med «Tydeleg beskjed» av Kristine Saksen Ulvund og «Utgått» av Jon Bruset rett bak.

Les heile saka

Trollheimsmarsjen – 29. august

Trollheimsmarsjen – 29. august

Jon Olav Ørsal Måndag 12. juli 2010

29. august er det klart for ein ny Trollheimsmarsj, den tredje i rekkja etter at den vart introdusert som jubileumsmarsj da både Todalen idrettslag og I.L. Ulvungen feira 100 årsjubileum i 2008.
Den gongen var det over 300 deltakarar, og denne rekorden har vi tenkt å slå ettertrykkeleg i år, seier Nils Ove Bruset som er ledar i Todalen idrettslag og medlem av arrangementskomiteen for Trollheimsmarsjen.

Les heile saka

Blomster er livet …

Blomster er livet …

Jon Olav Ørsal Måndag 12. juli 2010

I Sissihaugen hos Ingunn og Eilert er hagen i full flor no om dagen. Grunnlaget vart nok lagt så langt attende som i mars, da både blomster- og gransakfrø kom i pottene i stua. Lenger ut på våren var det tid for å prikle over i små potter som seinare vart flytta ut i drivhuset så snart det begynte å vårast. Etter kvart måtte blomstene vike plassen i drivhuset for tomat- og agurplantene som no dominerer.

Les heile saka

Stangvikfestivalen – forspel på Pakkhuset Kro

Stangvikfestivalen – forspel på Pakkhuset Kro

Jon Olav Ørsal Sundag 11. juli 2010

Torsdag 29. juli kl 20.00 startar Stangvikfestivalen 2010, med forspel på Pakkhauset Kro på Todalsøra. Da kjem trekkspelvirtuos Frode Haltli med sine vener i trioen Poing framføre maritimt musikalsk stoff. Vi møter dei også i samspel med festivalkomponisten Maja Ratkje. Anders larsen vil forklare sitt ambivalente forhold til Todalen, og Zümetrio vil sørgje for at ikkje alt låter symmetrisk. Det vil bli tango, todalsslåttar, toillmusikk og Todalssongen, skriv Stangvikfestivalen i sitt foreløpige program.

Les heile saka

Bli med å spille fotball

Bli med å spille fotball

Ole Petter Talgø Sundag 11. juli 2010

Nå som sommeren er godt i gang, og herretrimmen på skolen har tatt pause, vil det bli arrangert trim-fotballkamp torsdager på Bordholmen utover sommeren. Bli med og ha det morsomt med fotball, uavhengig av form og teknikk. Første kveld blir førstkommende torsdag, klokken 20:30. Alder er fra konfirmasjonsalder og opp.


Veteranar takka av på Talgø

Veteranar takka av på Talgø

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juli 2010

Onsdag samla Talgø Møbelfabrikk alle ansatte på kantina til bløtkake og kaffe for å heidre to av sine veteranar, som i dag takkar av med AFP-pensjon. Det var gammelsjefen sjølv, Finn Talgø, som fikk den ærefulle oppgåva å overrekke blomster og gåver til Liv Ingrid Husby og Leif Egil Tørset som har sin siste arbeidsdag før helga.

Les heile saka

To nye bruer på Kårvatn.

To nye bruer på Kårvatn.

Elinor Bolme Fredag 9. juli 2010

Etter litt forsinka arbeid, kan snikkarane som har oppheldt seg på Kårvatn på etterjulsvinteren i anledning brubygging seia seg rimeleg ferdig til ferien.

Les heile saka

Fotballhilsen fra Sør-Afrika

Fotballhilsen fra Sør-Afrika

Ole Petter Talgø Fredag 9. juli 2010

På todalsdagen blei det arrangert VM for lillegutt, men også større gutter kjemper hardt i disse tider for å prøve å få med seg en VM-medalje i fotball. Vi har fått en VM-rapport fra Jo Gjeldnes, som har oppholdt seg i Sør-Afrika de siste ukene for å få med seg fotball-festen.

Les heile saka

Mange får desverre ikkje sjå.

Mange får desverre ikkje sjå.

Elinor Bolme Torsdag 8. juli 2010

Sommar, turistar og lokale attraksjonar. Dette er i hovudsak viktige element for å framstå som eit potensielt reisemål. Då er det med undring mange turistar faktisk kjem til bygda vår med uforretta sak.

Les heile saka

Kvar einaste dag!

Kvar einaste dag!

Elinor Bolme Torsdag 8. juli 2010

Som de kanskje i løpet av kvelden har sett så har vi ordna oss men eigen logo. Vi er rett så fornøyd med både resultat og ikkje minst bodskapen i den.

Les heile saka

Stem på Månadens bilete for juni

Ole Petter Talgø Torsdag 8. juli 2010

Ein ny månad er over, og det er tid for å kåre månadens bilete for juni. Som forrige månad ynskjer vi å få med alle besøkande på stemmegivinga, og vi har plukka ut seks kandidatar frå dagens bilete-bileta i juni. Det biletet som har flest stemmer ved utgangen av søndag kveld vil bli kåra til månades bilete for juni.

Les heile saka