Tone Søyset Døving og resten av Famtakgjengen kjem til Surnadal kulturhus laurdag 11.12., der dei skal halde to konsertar. Billettane til den første konserten (kl 18) gikk fort unna, og det var da sett opp ei ekstra forestilling kl 20.00. Her er det enno ledig billettar, så det er berre å gå inn på nettsida til Surnadal kulturhus for å lese meir om konserten og bestille billettar. Konserten kostar kr 260.
I dag har Nationen slege opp Vangsgutane som illustrasjon i avisas helgemagasin. Her har dei ein omtale om årets julehefter, og kommenterer Vangsgutane sammen med andre gamle og nye julehefte. Dei skriv om Vangsgutane at årets utgåve er ei fortsetting av juleheftet frå 2006, og som stod på trykk første gong i 1956. Dette er supplert med deler av serien som stod i Nynorsk Vekeblad i krigsåra. Sjå oppslaget i Nationen her.
Les heile saka
Invitasjon til Norgescup/ Lifesystems Cup og EM uttak singel, og lagkonkurranse i randonee, og Norgescup i fjelltelemark. Kårvatn i Todalen, lørdag 14/1 og søndag 15/1 – 2012 Last ned invitasjon (PDF) Todalen Idrettslag inviterer til Lifesystems cup i randonee og fjelltelemark lørdag, og lagkonkurranse randonee søndag. Program Lørdag 14. januar 2012 Kl. 10:00 start Norgescup/ […]
Les heile saka
Søndag inviterer Todalen Sanitetsforening alle som har lyst til førjulstreff i Sanitetshuset. Dette er ein årleg tradisjon, der dei ungane som er fødde det inneværande år er spesielt inviterte for å få ein liten gave. I år har saniteten fornya seg litt, og arrangerer eit lite juleverksted attåt. Her vil det bli både klipping, liming og teikning, i tillegg til servering av nissegraut.
Les heile saka
Førstkomande søndag kl 17.00 er det julegrantenning. Det foregår ved ICA Todalen, og PT-utvalet som er arrangør lokkar med servering av gløgg og pepparkaker. Dit kjem vel også nissen på besøk, og det blir spanande om han har med seg noko i sekken sin i år også? Ta med godt humør og klær til å halde vinterkulda ute, og bli med på julegrantenning!
Søya/Todalen har med to deltakere med i Neas-akademiets treningsgruppe for spillere født i 1998 (fra hele Nordmøre).
Dette er Henrik Melkild og Steinar Gjeldnes.
Les heile saka
Stangvik Grendalag ønskjer alle hjertlig velkomne til førjulkos, all-song og fest laurdag 4. desember. Da kjem Per Husby saman med møremusikarane Jo Inge Nes, Øystein Sandbukt, Audun Skrogen og Peter Wergeni til Bondehuset. På dagtid blir det støyping av lys og pepparkakebaking for born, servering av kaffe, gløgg og middagsmatsal. Når det lir mot kveld, vil Per Husby & co trå til med allsongkveld. Etter konserten har møremusikarane lova skikkeleg dansemusikk, slik at folk skal få testa dansefoten før jul.
Les heile saka
Frå Lars Steinar Ansnes har vi fått melding om at boka «»Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka» no er i sal. Forfattarar er Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes. Stangvik Historielag står som utgjevar. Stangvik Historielag arrangerar bokkveld på Stangvik skule tysdag 7. desember.
Les heile saka
Kunstnaren Elisabet Aas som innehar Elisabeths Atelier i Trondheim ferier i denne tida 10-års jubileum med juleutstillinga «Hjerterom». Juleutstillinga rommar så mangt, til og med eit bidrag frå Todalen. Kristine Saksen Ulvund har vorte antatt hos Elisabeth Atelier med heile fem bileter. Todalen.no har fått oversendt bileter frå opninga av utstillinga sist laurdag, der vi får eit innblikk i alt det fine som er å oppleva der. Her er både dansk keramikk, måleri og forskjellig glasskunst.
Les heile saka
Dei aller fleste husstandar fekk kanskje kulturkalenderen for desember i posten i dag. Men todalen.no brukar å få ein henvendelse frå Karstein Telstad på Kulturhuset om vi ikkje vil vera så snille å leggja han ut på nettstaden vår og. Det gjer vi lell om hverken Kulturhus eller kommune er medlemmer hos oss, då vi reknar det som informasjon som kjem alle todalingar til gode.
Les heile saka
Fra nettsidene til Søya kan vi oppdateres blandt annet om nytt fotballstyre og å lese om «Prosjekt tilhørighet» der det er mulig å støtte Idrettslaget ved kjøp/bruk av sesongkort på MFK sine hjemmekamper.
Les heile saka
Da er nok et kjærkommet bidrag til bloggen vår ankommet redaksjonen, og denne gangen går turen til Oslo og blant annet Den Norske opera.
Les heile saka