Da har også bøfjordingane fått opp si eiga nettside. Ut i frå arkivet deira, kan det sjå ut for at ho vart starta no først på november. Gå inn her for å sjå på sida.
Les heile saka
Da har også bøfjordingane fått opp si eiga nettside. Ut i frå arkivet deira, kan det sjå ut for at ho vart starta no først på november. Gå inn her for å sjå på sida.
Les heile sakaNordmøre Museum med Surnadal Bydgdemuseum i spissen arrangerer tysdag 23. november kl. 19.00 konsert med folkemusikaren Jorun Marie Kvernberg på Åsen.
På programmet for denne solokonserten er folketonar frå Nordmøre, og spelemenn og tonar frå Todalen er også representert
Nokon vil kanskje hugse henne frå sist Vårsøghelg der ho spela med Unni Boksasp ensemble
Bylaget til ”Kristiansund” (med Brage og Ørjan på laget i begge kampene) har nå spilt to uavgjortkamper i høst, 2-2 mot både Molde og Ålesund. Det gjenstår nå en kamp til i bylagsserien, mot Ulsteinvik lørdag 27. november – før lagene møtes til et avsluttende turneringsspill i Sunnmørshallen lørdag 15. januar. Kjempefin mulighet for våre gutter å prøve seg på dette nivået – og selvfølgelig en ekstra motivasjon for å satse videre på fotballen, seier Knut Haugen i Søya/T/K/U til Todalen.no. Les mer om kampen på hjemmesiden til KBK.
Klar himmel, nær fullmåne og fakler møtte de som i kveld tok turen til Svinviks Arboret for å være med på kunstkveld. Møtet var arrangert av Surnadal Kunstforening, og Toril Redalen var spesielt invitert for å fortelle om sitt virke. Det var tydeligvis eit populært emne, og borda i kafèen ble fylt opp av både innabygdes og utabygdes folk.
Les heile sakaDeler av styret i Start 4H velger å avlyse fritidsklubben med tilhald på Bordholmen resten av året. Dette fordi det dei siste gongane har vore tendensar til uro blandt dei frammøtte. Dei eldste i styret har stått for dette tilbodet, og ser seg ikkje råd til å fortsette å oppretthalde tiltaket når det skal vera slik.
Les heile sakaSkogkompaniet har rydda eit større område oppå Fallå for skog og kratt med tanke på utbygginga av Todalparken. No går alt virket i flishoggaren for å bli til brennbar biomasse som skal brukes til fyring hos MøreTre i Surnadal. Kristen Bruset i Skogkompaniet fortel at alt virke er teke ut som heltrær med kvisten på, og flisa skal brukast som ein testleveranse til fyringsanlegget hos MøreTre. Der skal gjerast ulike målingar undervegs, i eit prosjektetstudie i samarbeid med Fylkesmannen i M&R.
Les heile sakaLaurdag 20.november er det basar i Bondehuset melder Stangvik grendalag. Her annonseres det både med pilkast, åresalg og kaffeservering. Inntekta går til drift og vedlikehald av Bondehuset.
Les heile sakaSøndag inviterer Todalen historielag til bokbad og premiere for det nye årsskriftet for 2010, som da kjem i salg. Årsskriftet er nr 9 i rekkja, og i årets utgåve finn du heile 80 sider med variert og rikt illustrert todalshistorie. Nytt av året er eit bildegalleri som i år har 17.-maifeiring som tema. Heftet kostar kr 150,-, og kan kjøpast frå søndag. Frå måndag kjem det i salg på ICA Todalen som vanleg.
Les heile sakaTysdag fekk skulen besøk av politiet, og det er alltid stor stas når dei kjem. Dei kom for å dele ut refleksvestar til 1. klassingane og for å fortelje kor viktig det er at ein blir sett i trafikken. Politiet tykte det var bra at mange bruka refleksvest når dei gjekk eller sykla til skulen.
Les heile sakaMåndag kveld var det årsmøte i Søya og Todalen Skyttarlag i Todalen ungdomshus. Frå årsmeldinga saksa vi at laget har registrert 113 medlemar, som er omtrent uendra frå året før. Hovudaktiviteten gjennom det siste året har vore oppskyting til jegerprøven, da det ikkje har vore arrangert skyttarstemne dette året. Laget har i år eit solid overskot, så økonomien er sunn og god, fortalte ledaren i laget John Moe.
Les heile sakaEtter ei avstemning med ei rekordhøg deltaking på 146 stemmer, var det det fine haustvèret frå Lauvåfjellet som vann Månadens bilete for oktober. Fotograf er Jo Gjeldnes, og biletet fekk 45 av stemmene. Her finn du alle kandidatane, og oversikt over kven som har tatt bileta.
Les heile sakaSurnadal Kunstforening inviterer til medlemskveld i kafeterian i Svinviks arboret onsdag 17. november kl 19.
Toril Redalen er invitert for å fortelje om arbeidet og prsosjekta sine.
Både medlemar og andre er hjarteleg velkomne! Sjå plakaten her.