Ei halvfull kyrkje, to kor og eit orkester var slett ikkje det verste i vinterkulda ein sein novemberkveld. Todalskoret hadde i kveld bede med seg Åskardskoret og orkesteret Safari til ein variert Tonekveld i Todalen Kyrkje.
Les heile saka
Ei halvfull kyrkje, to kor og eit orkester var slett ikkje det verste i vinterkulda ein sein novemberkveld. Todalskoret hadde i kveld bede med seg Åskardskoret og orkesteret Safari til ein variert Tonekveld i Todalen Kyrkje.
Les heile sakaOnsdag kveld (24. november kl 19.30) er det tonekveld i Todalen kyrkje. Da kjem gruppa Safari med 7-manns orkester og vil opptre sammen med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som begge har Bernt Bøe som dirigent. Safari har mykje flott musikk på programmet, og vi får høre både negro spirituals, salmer og tradisjonslåter frå Sri Lanka denne kvelden, fortel Gudmund Husby som er ein av musikarane i orkesteret Safari.
Les heile sakaPå værmeldinga yr.no er det kaldvær i vente over heile landet. Dette vil vi få skikkelig føling med på Nordmøre også, og rundt helga og vidare ut i neste veke vil temperaturen kanskje nå ned mot tjuetalet. Det er nok lurt å sjekke temperaturen og om nødvendig slå på litt varme, slik at ein kan unngå at det går på skade. med frosne vassrør og liknande. Her finn du langtidsvarslet for Todalen på yr.no. TV2-været spår at det blir kaldt heilt fram til jul. Det kan du lese meir om her.
Billettsalget til Hjortfesta 2010 er i full gang på ICA Todalen. Todalen idrettslag er arrangør, medan jaktlaga på sørsida av dalen (Bruset/Øya/Ørsal/halset) er vertskap for festa. Festsjef Ståle Ansnes fortel at dei har mykje å by på, og han røpar samtidig menyen, der “årets hjortegryte” er hovudrett. Billettar selges som sagt på ICA Todalen, og kostar kr 200. Den dekkjer inngangsbillett og mat.
Les heile sakaAdventstid og juleforberedelsar, ei tid med levande lys og smultgryter. Då er det viktig å vera forberedt meiner Solvor Lindset Øyen. Ho er forhandlar av eit nytt brannvernmiddel som no er på markedet. Midelet heiter Prevento, og har fått sers gode skussmål blandt fagfolk.
Les heile sakaNærare hundre historieinteresserte todalingar stakk innom Ungdomshuset for å hente/kjøpe det nye årsskriftet søndag ettermiddag. Det var Todalen historielag som arrangerte bokbad og premiere for det nye årsskrifte, og iviterte todalingane på ettermiddagskaffe. Da var det også høve til å kjøpe eldre utgåver av årsskriftet, og andre publikasjonar som laget har laga eller har for salg.
Les heile sakaLaurdag starta dagen med klarvær og nærare 12 kuldegrader. Og utsikten for neste veke er ikkje betre, for på yr.no meldes det om kaldvær heile veka med ein bunn mandag 29. på heile 17 kuldegrader. Vi tok likevel turen rundt bygda for å sjå om det var nokon som trossa kulda og heldt på med uteaktivitear. På Bruset var det tømmerhogging, der Skogkompaniet var i full gang med å hogge granfeltet mellom garden og Todalshytta. Anders Holden satt attafor spakene på hogstmaskina.
Les heile sakaDa har også bøfjordingane fått opp si eiga nettside. Ut i frå arkivet deira, kan det sjå ut for at ho vart starta no først på november. Gå inn her for å sjå på sida.
Les heile sakaNordmøre Museum med Surnadal Bydgdemuseum i spissen arrangerer tysdag 23. november kl. 19.00 konsert med folkemusikaren Jorun Marie Kvernberg på Åsen.
På programmet for denne solokonserten er folketonar frå Nordmøre, og spelemenn og tonar frå Todalen er også representert
Nokon vil kanskje hugse henne frå sist Vårsøghelg der ho spela med Unni Boksasp ensemble
Bylaget til ”Kristiansund” (med Brage og Ørjan på laget i begge kampene) har nå spilt to uavgjortkamper i høst, 2-2 mot både Molde og Ålesund. Det gjenstår nå en kamp til i bylagsserien, mot Ulsteinvik lørdag 27. november – før lagene møtes til et avsluttende turneringsspill i Sunnmørshallen lørdag 15. januar. Kjempefin mulighet for våre gutter å prøve seg på dette nivået – og selvfølgelig en ekstra motivasjon for å satse videre på fotballen, seier Knut Haugen i Søya/T/K/U til Todalen.no. Les mer om kampen på hjemmesiden til KBK.
Klar himmel, nær fullmåne og fakler møtte de som i kveld tok turen til Svinviks Arboret for å være med på kunstkveld. Møtet var arrangert av Surnadal Kunstforening, og Toril Redalen var spesielt invitert for å fortelle om sitt virke. Det var tydeligvis eit populært emne, og borda i kafèen ble fylt opp av både innabygdes og utabygdes folk.
Les heile sakaDeler av styret i Start 4H velger å avlyse fritidsklubben med tilhald på Bordholmen resten av året. Dette fordi det dei siste gongane har vore tendensar til uro blandt dei frammøtte. Dei eldste i styret har stått for dette tilbodet, og ser seg ikkje råd til å fortsette å oppretthalde tiltaket når det skal vera slik.
Les heile saka