Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Streiftog rundt bygda

Streiftog rundt bygda

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. november 2010

Laurdag starta dagen med klarvær og nærare 12 kuldegrader. Og utsikten for neste veke er ikkje betre, for på yr.no meldes det om kaldvær heile veka med ein bunn mandag 29. på heile 17 kuldegrader. Vi tok likevel turen rundt bygda for å sjå om det var nokon som trossa kulda og heldt på med uteaktivitear. På Bruset var det tømmerhogging, der Skogkompaniet var i full gang med å hogge granfeltet mellom garden og Todalshytta. Anders Holden satt attafor spakene på hogstmaskina.

Elles var Arne og Per Gjeldnes igang med å flytte gravemaskina frå Ørsalbokta til Garnhammaren utafor Nessahaugen, medan andre var på tur til og frå butikken for å ha heim matforsyning til helga. To jaktlag hadde skote kvar sin kalv, og var igang med slakting, med kalde fingrar. Begge laga ga uttrykk for at det var berre den «harde kjerne» som deltok i jakta på slike kalde dagar. Kalven som Husby og Halle jaktlag hadde skote var liten, og hadde enno spor etter kvite prikkar.  

Nedafor finn du eit bildegalleri frå turen rundt bygda og folket vi trefte.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 20. november 2010, 17:36 - Sist oppdatert: 21. november 2010, 19:20