På Rambjøra er det kjempefin utsikt både utover «fysnin» og innover Todalen og Trollheimen. Du kan starte ved Inneråa og følgje traktorvegen oppover Halsetlia, og vidare etter sti opp Litjfjellet til Vassnebbvatnet. Vidare opp til skaret mellom Vassnebba og Rambjøra og følge ryggen utover til toppen på Rambjøra.
Les heile sakaTurtips – Vangshaugen og fjellgardane
Ein anna fin dagstur er biltur til fjellgardane i Sunndalsfjella. På denne turen får du med deg mykje og kjørelengda er ca 10-12 mil ein veg, alt etter korleis du kjører. Her kjører du til Sunndalsøra og oppover til Gjøra, der du tek til høgre og oppover til fjells. Først kjem du til utsikten til Åmotan/Jenstad-juvet. Her er det faktisk 4 elvar som renn saman til ei i eit imponerande skue.
Les heile sakaNysnø på toppane
Fredag morgon vakna vi til nysnø på toppane på Snøfjellet og Skjerdingfjellet. Det var nok ikkje uventa med det regnværet og einsifra temperatur torsdag kveld. Fredag starta imidlertid med blå himmel og sol, og værmeldinga på yr.no lovar bra vær i fleire dagar framover. Temperaturane blir nok ikkje det heilt store, men det blir vel såpass at ein kan kalle det sommartemperatur. Finværsmeldingane vil nok prege aktiviteten i Todalen.no eit par dagar også.
Ferjelemmen reparert
Kvennaferga er koma i trafikk igjen, etter at fergekaia på Rykkjem noe er reparert. Det er nettstaden Driva.no som melder om dette. Det var torsdag kveld at «Goma» fikk problemer med å legge til på Rykkjem, da hydraulikken på kaianlegget svikta.
Turtips – Otnesbrygga i Valsøyfjorden
Ein høveleg dagtur med bil – Otnesbrygga ligg i Otnesbukta i Valsøyfjorden, drygt 70 km kjøring fra Todalen, via Skei og vidare forbi Liabø på Vågland til Otnes. I den idylliske Otnesbukta finn du den gamle Otnesbrygga, der det drives kafeteria om sammaren, samt forskjellige kulturarrangement. Like ved ligg også det nystarta Elstad-museet.
Les heile sakaKvanne-Rykkjem-ferjen innstilt
Todalen.no har fått opplyst at på grunn av problemer med ferjeleiet på Rykkjem er ferjen mellom Kvanne og Rykkjem innstilt inntil vidare. Dette her også opplyst på Fjord1 sine sider. Dei som hadde tenkt seg over med den ferjen i kveld bør derfor sjå etter alternative ruter.
Fotball-VM – tipperesultatet
Endelig er juryen klar med tipperesultata frå VM-tippinga vi arrangerte før Fotball-VM 2010. Det var 15 deltakarar i tippinga, og alle vart nok overrumpla av Spania som overraskande gikk til topps i Sør-Afrika. Det var ingen som hadde tippa at Spania skulle gåt til topps. Ein av tipparane hadde Nederland på andreplass, medan to hadde tippa tyskland på 3.-plass.
Les heile sakaVart matfar til ærfuglunge
For Jan Eilert Pedersen vart turen til Holmen litt annleis enn han hadde tenkt. På Holmen fann han eit ærfuglegg i fjæra. Det hadde kome ut av reiret og var kaldt, og han tok det med heim. Han la egget på det oppvarma badgolvet, og snart vart det liv i leiren. Les meir om dette på Driva.no og i papirutgåva av dagens Driva.
Les heile sakaTurtips – Nauståfossen ved Kårvatn
Eit besøk til Nauståfossen er eit tips for ein fin dagstur. Bilveg fram til Kårvatn der det er stor parkeringsplass med gratis parkering og ein halvtimes fottur etter veg og sti fram til Nauståfossen. Hugs å ta med litt solide sko, f.eks. fjellsko eller solide joggesko. På Kårvatn kan du også besøke den nye butikken på låven. Kårvatn Fjellutstyr er verd eit syn i seg sjølv, men du kan også få kjøpt mange slags sportsutstyr her.
Les heile sakaStangvikfestivalen – programmet klart
Det endelege programmet for Stangvikfestivalen er klart. Som tidlegare meldt på Todalen.no startar programmet på Pakkhuset kro med forspel. Det skjer torsdag 29. juli og forestillinga startar kl 20.00.
Stangvikfestivalen varer fram til søndag 1. august da den avsluttar med «Duell på kyrkjebakken».
Store toller også i Todalen
Ingri Bruset har merka seg at Trollheimsporten har omtala digre toller både i Vindøldalen og på Osmarka i Gjemnes. Det er også store toller i Todalen, som desse bileta frå Gjeldnes viser.
Les heile saka160 på museumsdag på Åsen
Søndag var det stor deltaking på museumsdagen på Åsen. Aktivitetsdagen som Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerte i fellesskap vart ein susksess, fortel ledar i Todalen historielag Maren Ansnes. 160 store og små møtte opp for å ta del i arrangementet og proffesor Eir Grytli samla 80-90 tilhørarar til foredraget om trønderlånnas historie. Elles var det utstilling og demonstrasjon av gamle motorar, mopedar og traktorar.
Les heile saka