No er det kome på plass nye trimbøker på alle postane til Trimgruppa i T.I.L. Dei gamle bøkene er tekne inn for oppteljing av resultatet, og det vil nok etter kvart bli premiering av dei som har flest besøk, eller som blir trekte ut som vinnarar. Dei nye trimbøkene blir no liggjande i trimkassane heilt fram til hausten 2011. Du har altså høve til å registrere trimturar eit heilt år, når det passar deg sjølv.
Les heile saka
Surnadal idrettshall var fylt til siste plass laurdag, da Surnadal Sparebanks «Store Korslag» gikk av stabelen. 7 kor med over 200 deltakarar var med og gjorde arrangemnentet til ein suksess som imponerte dei mange publikummarane. Kora kjempa om fleire gjeve prisar. Men den gjevaste av alle var nok publikumsprisen, og her var det Åsskardkoret som trekte det lengste strået.
Les heile saka
Kultmakarkvelden i Ungdomshuset er ei vidareføring av fjorårets lygarkveld, og arrangøren som er fotballgruppa i TIL byr byr på eksotiske rettar frå Thailand og innslag frå utanbygds «artikalla». Bernt Vatten frå Halsa, samt Arne og Lars Landsem frå Rindal kjem for å ta del i programmet på kultmakarkvelden. bernt Vatten er kjent for sine gode og lune historier, og Arne og Lars Landsem er nok mest kjent for sin aktive deltaking i revymiljøet i Rindal gjennom ei årrekkje.
Les heile saka
Fredag var det bygging av rekkverk rundt inntaksdammen til Råssåfoss Kraft i Kvendsetdalen. På den måten kan ein på ein tryggare måte ta ein titt på dammen og anlegget rundt, spesielt no når vi går ei glattare og kaldare årstid i møte.
Les heile saka
Undersøkelsen «Ung i Møre og Romsdal» viser at over halvparten av de spurte elevene ønsker seg en fremtid i hjemfylket. Magasinet «Spor» (Møre og Romsdal fylkeskommune) har spurt tre mastergradstudenter fra Møre og Romsdal om hvilke muligheter de ser for seg her hjemme. En av disse er Therese Talgø fra Todalen, som studerer ved BI i Oslo.
Les heile saka
Då er september historie, og det er på tide å kåra månadens bilete for september. Sjølv med låge temperaturar er det tydeleg frå bileta vi har fått at mange fikk tatt seg ein tur på fjellet også denne månaden.
Les heile saka
I helga, nærare bestemt laurdag kveld er det duka for ein av de største kulturelle begivenhetene på Nordmøre, etter kva banksjef Allan Troelsen skriv i ei pressemelding. Då arrangerer Surnadal Sparebank ei stor kortevling fro heile kommunen. Banken går i bresjen for dette arrangementet frå start til slutt, eit arrangement som har skapa eit utruleg engasjement i heile kommunen.
Les heile saka
Siste kilmometeren fram mot Kårvatn har dei siste vekene vore prega av oppgradering. Her har kommunen rydda veggrøftene, heva vegen og hatt i nokre nye stikkrenner. Ein møteplass har og vorte oppjustert. Også noko av områda breidda med vegen på begge sider har vorte fiffa på med hogst av kratt og planering.
Les heile saka
Todalen Idrettslag ved Bjørn Hauglann melder no at «heile» Bordholmen kan leigast ut til ulike arrangement. For 300 kroner kan ein disponera kjøkken, bilijardbord, fotballbane og trøbilane som er så populære.
Les heile saka
I en artikkel i Kulturadressa om Høstutstillingen og Kunsthåndverk 2010 blir Toril Redalen omtalt sammen med trønderske kunstnere med overskriften «Hillbillyene briljerer». Kulturadressa hadde besøkt begge utstillingene og de skriver at det er med glede å melde at «våre egne» kunstnere utmerker seg med noen av de beste bidragene i utstillingene.
Les heile saka
Som tidlegare omtala har oktober starta med høg temperatur og landvind. Natt til måndag var det så kraftig vind at blant anna postkassestativet på Kvendset blas over ende. Det resulterte i eit raskt restaureringsprosjekt på måndag, slik at posten igjen skulle oppbevarast trygt til den kunne bli henta.
Les heile saka
Jon Bruset har drive med registrering av maksimum- og minimumstemperatur dei siste 20 åra. Gjennom denne perioden har det til dels vore store sprik i begge retningar. I år har det vore 3 frostnetter på Småhjellan i september, og det er rekord. Det er berre registrert eit par minusgrader, men kunderekorden i perioden stammar frå 1995. Da vart det reistrer -3,9 den 30. september.
Les heile saka