Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad med naggelbit – men no blir det minnelund på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. mai 2023

Det var faktisk eit førtital som møtte på kyrkjegardsdugnad onsdag kveld. Kristian Gjeldnes som er leiar i soknerådet tykte det var svært oppmøte og godt var det, for da vart arbeidet fort unnagjort.  Dugnaden var rett og slett vanleg vårrydding etter vinteren, med raking av lauv og tørrkvistar og litt oppretting av gravstøtter som telen har herja med.  

Les heile saka

Bli med på vårdugnad i arboretet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. mai 2023

Svinviks arboret, i samarbeid Surnadal Hagelag, inviterer til vårdugnad i Svinviks arboret onsdag 10. mai klokka 18:00. Så har du lyst til å vere med å gjere arboretet klart til ein ny sesong, er det berre å møte opp i arboretet og bli med på vårdugnaden. 

Les heile saka

Søya/Todalen G11 sesongopna med heimekamp

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. mai 2023

Søya/Todalen sitt G11 lag sesongopna med heimekamp på Bankslettå mot Tingvoll G11. Vêret var grått og kaldt, men spelarane såg ut til å ikkje bry seg så mykje om akkurat det, for det vart ein jamspelt og underhaldande kamp med mange mål og mykje godt spel på kunstgraset. 

Les heile saka

Nytt renovasjonspunkt for hytterenovasjon på Kvennsetøran

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. mai 2023

Tysdag kom det nye renovasjonspunktet til Remidt på plass på Kvennsetøran.  Etter at Remidt la om til full kildesortering av avfall vart ein del av renovasjonspunkta tekne bort – derfor kom renovasjonspunktet i Todalen bort, og det førte til at det var minst 3 mil å kjøre til næraste tømmepunktet ved Todalskrysset.  Dette førte til ei stor ulempe for alle dei rundt hundre fritidsbustadene i Todalen og førte sjølvsagt til protestar.

Les heile saka

Vårdugnad på Bordholmen og i aktivitetsrommet for ungdommen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. mai 2023

Torsdag 4. mai klokka 18:00 og laurdag 13. mai klokka 11:00, blir det vårdugnadar på Bordholmen. Det skal vaskast og ryddast inne i klubbhuset, og klargjere til montering av nyinnkjøpt kjølehjørne. Ein del av utstyret som i dag er på kjøkkenet må difor flyttast, så her trengst det muskelkraft til flyttearbeid! Bord og benkar skal takast ut frå reiskapshuset og det skal rakast og ryddast ute etter vinteren. 

Les heile saka

Stabil hjortbestand i Todalen – no fristar nygrøå

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. mai 2023

No når det er frisk og grøn nygrøå er det ikkje rart om hjorten blir frista ned på innmarka.  Måndag kveld var hjorten tidleg ute og tok lite hensyn til at det var litt biltrafikk.  På Ørsalhøgda var det eit trettital som «gassa seg» med denne godbiten.  Oppi liene er det nok berre bleik fynne enno, så det er nok ikkje rart om dei blir frista.  

Les heile saka


Bli med stavgangarane til Glærum

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. mai 2023

Torsdag 4. mai inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang langs på Glærum. Turen går frå kalkstranda og opp til toppen, og ned att til kalkstranda.

Les heile saka


Fann 5000 år gammel reiskap ved Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Sundag 30. april 2023

Siv Halle var ut på trimtur i Toåa tursti da ho gjorde eit interessant funn sist fredag.  Ho tok ein pause ved gapahuken i Gunnøya som ligg like ved turstien som går frå Halsabrua og oppover til Bønnavollan like ved kyrkja.  Ho brukar å finne nokre steinar på elvaøra framfor gapahuken som ho legg på pyramiden som ligg der.  Da oppdaga ho at ein av steinane var litt spesiell, og likna på ein pilspiss eller spydspiss – og var heilt tydeleg menneskeskap og forseggjort. 

Les heile saka

Bra besøkt gudsteneste søndag – flott salmesong

Jon Olav Ørsal Sundag 30. april 2023

Det blir bra salmesong når det er mange som deltek i gudstenesta – søndag var det eit førtital som deltok i den ordinære gudstenesta i Todalen kyrkje.  Det var vikarprest Torbjørn Brøske som var liturg under gudstenesta, og både organist Bernt Bøe og klokkar Randi V. Bøe var også vikarar – men det vart ei triveleg gudsteneste for det.

Les heile saka

125 år sidan Hans Hyldbakk vart fødd 8. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. april 2023

8. mai er det ikke berre frigjeringsds- og veterandag som blir markert på Surnadal kulturhus. Da blir det også nemleg markert at det er 125 år sidan lokalhistorikaren og diktaren Hans Hyldbakk vart fødd.   

Les heile saka