I sterk kontrast til den kalde desembermånaden så vart januar ein rekordarta mild månad. Målingane til Jon Bruset viser at det var heile 24 dagar at maksimumstemperaturen viste varmegrader. Den 29. januar viste gradstokken heile +8,3 grader, som er januarrekord etter målingane han starta med for over 20 år sidan. Den kaldaste dagen var 14. januar, da det vart registrert -15,2 som og var den einaste dagen at temperaturen kraup under ti-talet.
Les heile saka
Aktivitetskalenderen for Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (STKU) G16 er klar. Du kan laste den ned ved å klikke her. Laget vann forresten årets første treningskamp mot Surnadal, der resultatet vart 3-0. Det må være oppmuntrande start på sesongen!
Nordmøre og Romsdal fotballkrets har lista for påmeldte lag til ungdoms- og vaksenfotballen klart. Den gjeld aldersbestemte klassar frå 13 år og oppover, samt dei andre divisjonane i kretsen. Her kan du laste ned lista som PDF-dokument.
Les heile saka
Torsdag var det eit nytt jervfall i Todalen. Det var Nils Gjeldnes som fikk ein hannjerv på kornet da han satt på post i jaktbua si ved åta på Hjellnessetra. Jerven var 13,1 kg, og altså eit hanndyr. Det er no to år sia sist han skaut jerv på same plassen. Til åte brukar han no fallhjort, som han hadde fått frå ein viltpåkjørsel på Kvanne.
Les heile saka
Mykje is og vatn i løypa gjer det umuleg å arrangere «Barn i løypa» i kveld, fortel Frode Grønmyr i skigruppa. Dersom det blir meir snø i løpet av komande veke vil ein prøve på nytt neste torsdag.
I går var det skogdag på Nordvik, arrangert av Surnadal Kommune og Surnadal Skoglag. Over 30 mann kom for å få påfyll inna skogsnæringa skriv Trollheimsporten i dag. Sjå heile saka her. Foto: Tore Gjul
Les heile saka
I høve innsamlingsaksjonen for å skaffe til veie hjartestartar til Todalen, ynskjer Todalen Sanitetsforening i etterkant av årsmøtet å takke alle som støtta oppunder prosjektet. Hjartestartaren, som har vorte kalla Hjartine fekk inn 61000 kr. Etter alt utstyr som følgde er betalt står fortsatt over 25000 kr på bok som høyrer Hjartine til. Dette er midlar som vil følgje hjartestartaren, til for eksempel opplæringsmateriell, nye batteri eller anna høvelege utstyr.
Les heile saka
Talgøkonsernet har opplevd en sterk vekst de siste årene, og spesielt siste året har salgstallene skutt til værs. Talgø Møbelfabrikk, MøreTre og T-komponent oppnådde en samlet omsetning på 358 mill. i 2010, som er en økning på hele 25% fra året før. Nå skal staben ved bedriftens marketingavdeling styrkes med en grafisk formgiver. Søknadsfristen er 25. februar, og her kan du laste ned stillingsannonsen.
Etter vêromslaget og litt lågare temperatur i dag vart vegane uventa glatt. Dette i kombinasjon med at mildværet dei siste dagane, har gjort at det er lite hald i vegkantane og derfor lett å havne utfor vegen. I løpet av tysdagen var det tre bilar som var utom kanten på Kvennset. To personbilar kom seg på rettkjøl med litt handmakt. Ein semitrailer som hadde glidd utfor på vegen ned til terminalen på Talgø måtte imidlertid ha hjelp av redningsbil for å kome på rett kjøl.
Surnadal kommune lyser ut ei nyoppretta stilling som «Vaktmeister/vedlikehaldsarbeidar med hovudansvar retta mot grøntanlegg» på nettsida si og i avisene. Etter som vi forstår er vedlikehaldet av anlegget til Svinviks Arboret innafor ansvarsområdet til den nyoppretta stillinga. Sjå utlysinga på Surnadal kommunes nettsider.
Då er avstemninga for Årets Bilete vel i havn, og vi har fått ein vinnar. Årets Bilete for 2010 blei Frostrøyk av Kjetil Sogge. Seieren var overlegen med 136 av 320 stemmene som blei avgitt.
Les heile saka
Skigruppa minner om sonerenn og kretsrenn i Betna komande søndag. Det er Betna Idrettslag som er arrangør, og rennet går føre seg på Øyan stadion i Betna, og det er start kl 12.00. Det sonerenn for jenter og gutar 5-8 år, og kretsrenn i klassisk langrenn for alle klassar frå 9 år og opp til senior. For sonerennet er påmelding på rennkontoret innan kl 11.15, medan påmelding til kretsrennet skjer elektronisk på www.minidrett.no innan 3.2.2011. Last ned invitasjonen her.