Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skrult – ei musikalsk oppleving

Skrult – ei musikalsk oppleving

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mars 2011

Vi minner om konserten med Skrult i Todalen Kyrkje i kveld kl 19.00. Bandet Skrult er frå Ålvundfjord, og denne konserten er ein del av jubileumsprogrammet til til kyrkja. Under finn du også ein smakebit frå gruppa.

Les heile saka

Tap for gjestane

Tap for gjestane

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2011

 I helga som var hadde Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal besøk av trønderlaget Utleira for spel av treningskampar. Dette var eit lag dei stifta bekjenntskap etter cupspel før jula i fjor. Gjestane måtte sjå seg slått av begge heimelaga, men hadde eit bra opphold for det i følge rapportane. Her kan du lese heile saka på IL […]

Les heile saka

Reisebrev fra Svalbard

Reisebrev fra Svalbard

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2011

Lars Stensby arbeider som overingeniør innen Drift og Vedlikehold for MainTech AS i Trondheim. Arbeidet bringer han rundt om kring for å hjelpe kunder i nord og sør. Denne gangen har han vært på Svalbard og har sendt oss noen ord om hvordan han opplevde Spitsbergen

Les heile saka

Todalen i A-magasinet – 1981

Todalen i A-magasinet – 1981

Jon Olav Ørsal Sundag 27. mars 2011

I april 1981 (For 30 år sia) var det store oppslag om livet i Todalen den gongen. Da var Berit Vikdal og Geir Arnesen i Todalen for A-Magasinet (bilag til Aftenposten) for å ta pulsen på todalingane, og dei bruka heile 5 sider i A-Magasinet for å presentere resultatet. Todalen.no har fått låne denne utgåva av magasinet med Martinus Torvik, som har teke vare på det, og vi har skanna de fem sidene med todalsstoff. Her treffer du mykje kjentfolk og det er triveleg og god lesnad i dokumentet.  Her  kan du laste ned dei 5 sidene som PDF-fil for å lese det.


Årets bilde – litt forsinka

Årets bilde – litt forsinka

Jon Olav Ørsal Sundag 27. mars 2011

Laurdag fekk Kjetil Sogge, litt forsinka, overrekt premien for «Årets Bilde 2010». Han fekk ein innrama versjon av vinnarbiletet «Frostrøyk» som premie. «Frostrøyk» vart ein suveren vinnar i sluttfinalen, men det var like vel mange sterke konkurrentar i konkurransen. Vi gratulerer vinnaren Kjetil Sogge.

Les heile saka

Tidvis morgonfugl i Molde

Tidvis morgonfugl i Molde

Elinor Bolme Sundag 27. mars 2011

Da har vi motteke marsbidraget til bloggen vår. Denne gongen er det Nils Helge Ness busett i Molde som sist gong vart utfordra av Linda Tørset vi skal besøkje. Velbekomme!

Les heile saka

Jo Kåre tok sølvmedalje i VM

Jo Kåre tok sølvmedalje i VM

Jon Olav Ørsal Sundag 27. mars 2011

Jo Kåre Torvik (50) (Høyem) er fersk sølvmedaljevinnar i Veteran-VM i hopp. For eit par veker sia var han i Harrachov i Tsjekkia, og han kom som sagt heim med ei sølvmedalje og ein 8.-plass. Han deltok i 40- og 70-metersbakken, fortel nettstaden Nabonytt.no i Buvika der han bor i dag.

Les heile saka

Sommartid – still klokka i natt!

Sommartid – still klokka i natt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2011

Frå i natt er det endeleg sommartid. Da stiller du klokka ein time fram, frå kl 02 til kl 03. Natta blir altså ein time kortare enn vanleg. Er du i tvil om klokka skal stilles att eller fram så er regelen enkel: Du stiller alltid klokka mot sommaren, altså fram om våren og attover om hausten.


Sildball-dag på Nordvik

Sildball-dag på Nordvik

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2011

Laurdag var det silballdag i forsamlingshuset på Nordvik, og nordvikgardingane gikk «mann av huse» for å være med på dette kulinariske måltidet. Og det var laga ei skikkeleg «ballfole» denne gongen, for på fjorårets balldag gikk grytene tomme før alle hadde fått forsynt seg. Men i år vart det nok, og underteikna kan bekrefte at […]

Les heile saka

Kultur i april

Kultur i april

Elinor Bolme Laurdag 26. mars 2011

April blir ein kulturell månad på Surnadal kulturhus i følge den siste kulturfoldaren. Det startar allereie med konsert fredag 1. april. Då kjem spellemannprisvinnar 2011; Unni Boksasp Ensemble. Dagen etter, laurdag 2. er det Kulturskulen som inviterer til kaffekonsert i Foajeen, medan hornmusiken feirar 115 års jubileum helga etter.

Les heile saka

Nye bygdebøker på gang

Nye bygdebøker på gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2011

Surnadal kommune arbeider med å gi ut nye bygdebøker for alle grendene. Først ute er området frå Åsbøen til og med Todalen, fortel prosjektkoordinator Siv Snekvik.  Den kommunale bygdeboknemnda samarbeider med Todalen historielag i arbeidet med å samle inn opplysningar frå grendene, og har 7 grendekontaktar til å hjelpe seg. Det blir sendt ut spørjeskjema til alle heimar i området og grendekontaktane vil sørgje for innsamling av skjemaene. Det blir eit ope folkemøte om bygdebokprosjektet tysdag 5. april. Her finn du innkallinga til møtet. Det vil det kome meir info etter kvart.


Ny pensjonsreform

Elinor Bolme Laurdag 26. mars 2011

I anledning den nye pensjonsreformen som trådde i kraft 1. januar 2011, ønsker Surnadal Sparebank alle interesserte velkommen til eit ope informasjonsmøte i bankens lokale tirsdag 5. april.

Les heile saka