Etter vêromslaget og litt lågare temperatur i dag vart vegane uventa glatt. Dette i kombinasjon med at mildværet dei siste dagane, har gjort at det er lite hald i vegkantane og derfor lett å havne utfor vegen. I løpet av tysdagen var det tre bilar som var utom kanten på Kvennset. To personbilar kom seg på rettkjøl med litt handmakt. Ein semitrailer som hadde glidd utfor på vegen ned til terminalen på Talgø måtte imidlertid ha hjelp av redningsbil for å kome på rett kjøl.
Surnadal kommune lyser ut ei nyoppretta stilling som «Vaktmeister/vedlikehaldsarbeidar med hovudansvar retta mot grøntanlegg» på nettsida si og i avisene. Etter som vi forstår er vedlikehaldet av anlegget til Svinviks Arboret innafor ansvarsområdet til den nyoppretta stillinga. Sjå utlysinga på Surnadal kommunes nettsider.
Då er avstemninga for Årets Bilete vel i havn, og vi har fått ein vinnar. Årets Bilete for 2010 blei Frostrøyk av Kjetil Sogge. Seieren var overlegen med 136 av 320 stemmene som blei avgitt.
Les heile saka
Skigruppa minner om sonerenn og kretsrenn i Betna komande søndag. Det er Betna Idrettslag som er arrangør, og rennet går føre seg på Øyan stadion i Betna, og det er start kl 12.00. Det sonerenn for jenter og gutar 5-8 år, og kretsrenn i klassisk langrenn for alle klassar frå 9 år og opp til senior. For sonerennet er påmelding på rennkontoret innan kl 11.15, medan påmelding til kretsrennet skjer elektronisk på www.minidrett.no innan 3.2.2011. Last ned invitasjonen her.
I.L. Søya melder at «Bankslettå» er rydda og klar for treningsbruk. Den første uoffisielle vintertreninga var søndag den 30. januar, og laget reknar med at mildværet som er meldt vil gje fine treningsforhold.
Les heile saka
Søndag kveld innleia Todalen sokneråd 150-årsjubileet til Todalen kyrkje med misjonskveld i kyrkja. Dei diska opp med eit variert program, som vart avslutta med kyrkjekaffe til heile festlyden. Ledar i soknerådet, Ildri Øyen ønska velkomen og introduserte opplegget for kvelden, og las frå prologen som Leif Halse skreiv til 100-årsjubileet i 1961. Bernt Bøe tok eit raskt tilbakeblikk på historia til kyrkja, som vart bygd i 1861 og innvigd 11. september i første omgang som anneks. I 1876 vart ho utvida og Todalen vart eige sokn. I 1890 vart ho vigsla på nytt, slik som ho står i dag.
Les heile saka
Sidan vêret i dag har vist seg frå sin vrede side, tok vi oss ein tur til Sanitetshuset kor eit titalls damer samla til årets første strikkekafé. Strikkekaféen arrangeres normalt ein laurdag kvar månad med sosialt samvær, kaffe og handarbeid.
Les heile saka
Eldremiddagen har i over tjue år drive med middagsservering i Sanitetshuset. Utanom ferietida (sommar-, jul-, og påskeferien) samlast mange av dei eldre til middag og sosialt lag kvar onsdag. Kokkearbeidet går på omgang og det serveres allsidig og god mat, for ein billeg penge, fortel Martinus Torvik som er sekretær/kasserar i Eldremiddagen. For å få rekneskapen til å ga i hop har dei skaffa seg «sponsorar», der Surnadal kommune, Surnadal Sparebank, Gjensidige Surnadal og Statkraft v/Rossåa Settefiskanlegg har vore med og støtta prosjektet det siste året.
Les heile saka
Todalen IL har kjøpt inn nye innebandykøller, som blir bruka på herretrim som arrangeres kvar onsdag kveld. Dei nye køllene er i motsetning til dei eldre køllene lengre og har innsving som gjer at det er enklare både å kontrollere ballen og gjera elegante skudd.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening har gått til anskaffelse av eit stort kunstverk av Elisabeth Marie Aas som dei skal lodde ut. Biletet blir hengande i Sanitetshuset fram til førjulstreffet som brukar å bli arrangert først på desember. Attmed biletet ligg det ei bok og eit pengeskrin, der ALLE som ferdast av ein eller annan grunn i Sanitetshuset, kan ta lodd.
Les heile saka
Regnværet dei siste dagane har gjort det naudsynt å avlyse både sonerennet søndag 30. januar og Barn i løypa torsdag kveld, fortel ledar i T.I.L.s skigruppe Frode Grønmyr. Dei store nedbørsmengdane har gjort at føret er øydelagt og det er både store dammar og opne bekkar og elvar i løypetraseen rundt Todalen oppvekstsenter. Langtidsvarslet melder til dels store nedbørsmengder i helga. Grønmyr fortel at ein vil søke å finne ny dato for sonerennet seinare, medan Barn i løypa er blir arrangert igjen neste torsdag dersom det vert betre føreforhold.
På Kårvatn er det fortsatt vanskelegheiter med vatnet. Dele av ei bru gjekk der i helga då det var flaumtilstandar der. Vatnet har fortsatt ikkje gått ned til normalen, noko som gjer at postentil dømes ikkje har vore der denne veka.
Les heile saka