Under flyttinga av server, tyder mykje på at overføringa av e-postadressa vår; red@todalen.no, ikkje er blitt ordna. På grunn av dette, ber vi dere bruka todalenno@gmail.com for å komme i kontakt med oss inntil vi får forsikra oss om at alt er i orden.
Kontaktskjemaet har ikkje vore i orden den siste veka, men skal fungera no. Vi ber alle som har prøvd å senda inn bilete etter 6. september om å senda inn på nytt, og beklagar problema.
Då har avtroppande PT-utvalg talt opp sine 140 innkomne stemmer, og kan dermed presentera det nye styret for dei 4 kommande åra:
Les heile saka
Valg var det på alle kantar på og rundt Todalen skule i dag. I alle dei tre valglokala rundt om meldte dei om særledes godt oppmøte. Og i det fine haustveret som var hadde like så godt det avtroppande PT-utvalget sett seg ute på plena med sine stemmesedlar. Så her var det nok ikkje mange som ikkje stemte fordi dei ikkje var synlege i allefall.
Les heile saka
Torsdag 8. september la 40 personar frå Stavganggruppa turen til Nordviksetra, og Elen og Johan Nordvik stilte velvillig opp som guidar og opna seterhusa for oss. Vi parkerte bilane på parkeringsplassen til Nordviksetra, og dei fleste gjekk innom setra for å setta frå seg ryggsekkene før den vidare turen opp mot Seterhaugen. Sola vermde denne fine dagen, og mange valde ein la-a-ng pause før den brattaste stigninga under Seterhaugen – og snudde der.
Les heile saka
Onsdag kveld er siste gongen både med sykkeltrim og lagseriestemne. Det blir i den anledning høve til å ta idrettsmerke og sykle rundt bygda i eit og same ærend. Leiar i ski- og friidrettsgruppa, Jorid Haugen Ansnes håper difor så mange som mogleg kjem til sosialt samkvem på Bordholmen frå 18 og utover. I følge […]
Les heile saka
Jubileumsskriftet for Todalen Kyrkje, som i år fyller 150 år, blei presentert i kveld. Skriftet er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og skrevet av Bernt Bøe.
Les heile saka
I morgon er det som kjendt kommune- og fylkestingvalg. Dette foregår på Todalen skule mellom 12 og 21. Her har vel dei fleste husstandar fått tilsendt både lister og anna informasjon som krevst.
Attåt er det kyrkjevalg; og her er det både sokneråd i Todalen og bispedømmeråd i Møre og romsdal som skal veljast
Les heile saka
Todalen.no har hatt stor suksess med koppane som vi fekk laga omlag på denne tida i fjor. Men for å ikkje bli dei som går att i same gamle tralten, har vi fornya oss littegrann. Vi har difor vald å kjøyre på svarte koppar framover. Same storleik og fasong som før, men berre enda finare ifølge dei som til no har sett dei «live».
Les heile saka
Vi har fortsatt å ha nokre problem i forbinding med flytting av server for nettsida. Det er årsaken til at dagens bilete og nokre saker har vore forsinka. Vi håpar at dykk ikkje har merka for mykje til dette, men meld gjerne frå til oss hvis dykk ser noko unormalt.
I går kveld var Surnadal Arbeiderparti på rundreise rundt om i kommunen og delte ut roser til husstandane. Her i Todalen var det blant anna Jorunn Ness og Lilly Gunn Nyheim som for rundt. Då dei kom på Brusethaugen sette dei av litt ekstra tid, til ære for ein av partiets ekte veteranar. Anders Brusethaug har heile 66 års medlemskap i Arbeiderpartiet og er dermed den med lengst medlemskap av alle i Surnadal. Anders har no vorte 86 år, og stemmer fortsatt ved alle valg.
Les heile saka
Godt mot, Todalen oppfordrar i ein epost til todalen.no til å bli med på konferanse på Sunndalsøra. Påmelding innan i morgon den 10.
Sunndal kommune har tre spennande bygdemobiliseringsprosjekt. Eit av desse har resultert i Sunndalsporten oppå Grøa
Les heile saka
10. september er ein magisk dato for dei som driv jakt i Todalen. Da startar nemleg småviltjakta for dei som jaktar rype, storfugl og orrfugl, samt at det er startdato for hjort og elgjakt. Det er nok mange som puslar med pakking av ryggsekk og pussing av våpen for klargjering til jakta og jakttur saman med gode jaktkameratar. Når det gjeld småviltjakta er det nok særleg lirype og fjellrype det blir jakta på, og her rapporteres det om meir rype i fjellet i år en i fjor.
Les heile saka