Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Påskepub på Pakkhuset

Påskepub på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mars 2012

Det blir to pubkveldar på Pakkhuset Kro på Todalsøra denne påska, fortel Synnøve Helland på telefon til Todalen.no.  Dei opnar første kvelden laurdag 31. mars, og så blir det ope onsdag 4. april. Begge kveldane frå kl 21.00 og utover.  Synnøve ønskjer både bygdefolk og tilreisande velkomne på pubkveldane.  Ho fortel vidare at det brukar å bli ekstra triveleg på slike kveldar, når du kan få gjensyn med utflytta todalingar og andre kjente i uformelt og triveleg lag.  Ta turen på Pakkhuset i påska til ein triveleg pubkveld!

Publisert: 29. mars 2012, 21:28