Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skaut jerv på Hjellnessetra

Skaut jerv på Hjellnessetra

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. februar 2011

Torsdag var det eit nytt jervfall i Todalen. Det var Nils Gjeldnes som fikk ein hannjerv på kornet da han satt på post i jaktbua si ved åta på Hjellnessetra. Jerven var 13,1 kg, og altså eit hanndyr. Det er no to år sia sist han skaut jerv på same plassen. Til åte brukar han no fallhjort, som han hadde fått frå ein viltpåkjørsel på Kvanne.

Les heile saka

Barn i løypa er avlyst i kveld

Barn i løypa er avlyst i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. februar 2011

Mykje is og vatn i løypa gjer det umuleg å arrangere «Barn i løypa» i kveld, fortel Frode Grønmyr i skigruppa. Dersom det blir meir snø i løpet av komande veke vil ein prøve på nytt neste torsdag.


Skogdag på Nordvik

Skogdag på Nordvik

Elinor Bolme Torsdag 3. februar 2011

I går var det skogdag på Nordvik, arrangert av Surnadal Kommune og Surnadal Skoglag. Over 30 mann kom for å få påfyll inna skogsnæringa skriv Trollheimsporten i dag. Sjå heile saka her. Foto: Tore Gjul

Les heile saka

Saniteten takkar

Saniteten takkar

Elinor Bolme Torsdag 3. februar 2011

I høve innsamlingsaksjonen for å skaffe til veie hjartestartar til Todalen, ynskjer Todalen Sanitetsforening i etterkant av årsmøtet å takke alle som støtta oppunder prosjektet. Hjartestartaren, som har vorte kalla Hjartine fekk inn 61000 kr. Etter alt utstyr som følgde er betalt står fortsatt over 25000 kr på bok som høyrer Hjartine til. Dette er midlar som vil følgje hjartestartaren, til for eksempel opplæringsmateriell, nye batteri eller anna høvelege utstyr.

Les heile saka

Talgø søker grafisk formgiver

Talgø søker grafisk formgiver

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. februar 2011

Talgøkonsernet har opplevd en sterk vekst de siste årene, og spesielt siste året har salgstallene skutt til værs. Talgø Møbelfabrikk, MøreTre og T-komponent oppnådde en samlet omsetning på 358 mill. i 2010, som er en økning på hele 25% fra året før. Nå skal  staben ved bedriftens marketingavdeling styrkes med en grafisk formgiver. Søknadsfristen er 25. februar, og her kan du laste ned stillingsannonsen.


Havna i grøfta

Havna i grøfta

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. februar 2011

Etter vêromslaget og litt lågare temperatur i dag vart vegane uventa glatt. Dette i kombinasjon med at mildværet dei siste dagane, har gjort at det er lite hald i vegkantane og derfor lett å havne utfor vegen. I løpet av tysdagen var det tre bilar som var utom kanten på Kvennset. To personbilar kom seg på rettkjøl med litt handmakt. Ein semitrailer som hadde glidd utfor på vegen ned til terminalen på Talgø måtte imidlertid ha hjelp av redningsbil for å kome på rett kjøl.


Vaktmeister/vedlikehaldsarbeidar grøntanlegg

Vaktmeister/vedlikehaldsarbeidar grøntanlegg

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. februar 2011

Surnadal kommune lyser ut ei nyoppretta stilling som «Vaktmeister/vedlikehaldsarbeidar med hovudansvar retta mot grøntanlegg» på nettsida si og i avisene. Etter som vi forstår er vedlikehaldet av anlegget til Svinviks Arboret innafor ansvarsområdet til den nyoppretta stillinga. Sjå utlysinga på Surnadal kommunes nettsider.


Årets bilete 2010: Frostrøyk

Årets bilete 2010: Frostrøyk

Ole Petter Talgø Tysdag 1. februar 2011

Då er avstemninga for Årets Bilete vel i havn, og vi har fått ein vinnar. Årets Bilete for 2010 blei Frostrøyk av Kjetil Sogge. Seieren var overlegen med 136 av 320 stemmene som blei avgitt.

Les heile saka

Sonerenn i Betna – søndag 6.2.

Sonerenn i Betna – søndag 6.2.

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2011

Skigruppa minner om sonerenn og kretsrenn i Betna komande søndag. Det er Betna Idrettslag som er arrangør, og rennet går føre seg på Øyan stadion i Betna, og det er start kl 12.00. Det sonerenn for jenter og gutar 5-8 år, og kretsrenn i klassisk langrenn for alle klassar frå 9 år og opp til senior. For sonerennet er påmelding på rennkontoret innan kl 11.15, medan påmelding til kretsrennet skjer elektronisk på www.minidrett.no innan 3.2.2011. Last ned invitasjonen her.


Bankslettå er grøn!

Bankslettå er grøn!

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2011

I.L. Søya melder at «Bankslettå» er rydda og klar for treningsbruk. Den første uoffisielle vintertreninga var søndag den 30. januar, og laget reknar med at mildværet som er meldt vil gje fine treningsforhold.

Les heile saka

Misjonsfest med jubileum

Misjonsfest med jubileum

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2011

Søndag kveld innleia Todalen sokneråd 150-årsjubileet til Todalen kyrkje med misjonskveld i kyrkja. Dei diska opp med eit variert program, som vart avslutta med kyrkjekaffe til heile festlyden. Ledar i soknerådet, Ildri Øyen ønska velkomen og introduserte opplegget for kvelden, og las frå prologen som Leif Halse skreiv til 100-årsjubileet i 1961. Bernt Bøe tok eit raskt tilbakeblikk på historia til kyrkja, som vart bygd i 1861 og innvigd 11. september i første omgang som anneks. I 1876 vart ho utvida og Todalen vart eige sokn. I 1890 vart ho vigsla på nytt, slik som ho står i dag.

Les heile saka

Årets første strikkekafé

Årets første strikkekafé

Ole Petter Talgø Laurdag 29. januar 2011

Sidan vêret i dag har vist seg frå sin vrede side, tok vi oss ein tur til Sanitetshuset kor eit titalls damer samla til årets første strikkekafé. Strikkekaféen arrangeres normalt ein laurdag kvar månad med sosialt samvær, kaffe og handarbeid.

Les heile saka