Det blir to pubkveldar på Pakkhuset Kro på Todalsøra denne påska, fortel Synnøve Helland på telefon til Todalen.no. Dei opnar første kvelden laurdag 31. mars, og så blir det ope onsdag 4. april. Begge kveldane frå kl 21.00 og utover. Synnøve ønskjer både bygdefolk og tilreisande velkomne på pubkveldane. Ho fortel vidare at det brukar å bli ekstra triveleg på slike kveldar, når du kan få gjensyn med utflytta todalingar og andre kjente i uformelt og triveleg lag. Ta turen på Pakkhuset i påska til ein triveleg pubkveld!
Onsdag kveld var vel 5o ungdomar, foreldre, besteforeldreog andre interesserte samla ved Todalen Oppvekstsenter for ei orientering om ungdom og rus. Møtet var stelt i stand av Todalen Sanitetsforening og FAU ved oppvekstsenteret. Olav Halse representerte lensmannsetaten, og orienterte litt om rus-utfordringane dei har i vårt omland, då med vekt på Surnadal og Rindal. Han kunne fortelje at dei siste åra hadde faktisk rusproblematikken i vårt distrikt teke seg opp. I 2010 hadde dei 10 saker med rus involver, mot 18 saker i 2011.
Les heile saka
Todalen Båtforening vil minne om at det er dugnad i båthavna førstkommende lørdag kl 11:00. Da skal vi fjerne sporene etter Dagmar og klargjøre for vårens båtaktiviteter. Ta med familie og venner, hansker, trillebår og rive. Det er mengder av tang og rekved som må samles i hauger for å kjøres bort senere, melder styret i en e-post til Todalen.no
Onsdag var det ny møtedag igjen hos Eldremiddagen, og vi kan vel bortimot garantere at ingen av de til sammen 22 gjestene gikk sultne fra bordet! Denne dagen var det potetball på «Vestrum Vis», med ball fylt med kjøttbiter, servert sammen kålrabi, poteter og stekt flesk, og, for ikke å glemme, med ekte sirup til, så mye en bare ville! Vi kunne tydelig registrere en trøndersk inspirasjon, som i alle fall fikk mitt godmat-hjerte til å banke vel og gjenkjennende. Dagens kokker, som nå er å betrakte som ekte todalinger som noen andre, har i sin tid hatt med seg ekte mattradisjoner fra Tondheim og Gjøvik inn i bygda, og det gir gode blandinger.
Les heile saka
Kårvatn Fjellutstyr AS melder om storsalg no før påskehøgtida sett inn for fullt. Dei har ope til og med laurdag denne veka, pluss mandag, tirdag og onsdag i neste. Dei har da ope til 17 mandag og onsdag, medan det er ordinær langope på tirsdag til 19.
Les heile saka
Det siste døgnet har det vore stor vassføring i Toåa. Mykje regn og rundt 10 varmegrader skapte tendes til flaum i morgontimane og utover føremiddagen. Vidare utover dagen var det stort sett opphaldsver, og vassføringa gikk noko attende utover ettermiddagen og kvelden. Til onsdag melder yr.no om tildels store nedbørsmengder i Møre og Romsdal, men melder samtidig lågare temperatur. Men ein kan nok rekne med at det blir stor vassføring også onsdag utpå dagen og utover kvelden.
Les heile saka
På eit par kveldstimar samla dei fire konfirmantane inn heile 9.389 kroner til Kirkens nødhjelp. Dei kunne rapportere stor givarvilje og vart tekne godt i mot når dei kom på døra rundt bygda. Etter at innsamlingsaksjonen var ferdig var det oppteljing i kyrkja, og traktering til både sjåførar og pengesamlarar. På menyen stor kaffe eller kakao og nystekte bollar til heile gjengen. Flott innsats!
Les heile saka
Da kjem nemleg årets konfirmantar heim til alle i Todalen, frå Svinvika til Kårvatn med innsamlingsbøssene sine. Dei deltek nemleg i den årlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Saman med foreldre og medlemane i soknerådet som sjåførar vil dei altså tråle heile bygda, og da gjelder det å «gje så det svir». Ved å gje di gåve er du med på eit krafttak for dei som lid under fattigdom, urettferd eller katastrofer, fortel Signe Grønmyr og Ildri Øyen frå Todalen sokneråd. Ta vel i mot konfirmantane!
Onsdag 28. mars inviterer FAU ved Todalen Oppvekstsenter saman med Todalen Sanitetsforening til informasjonsmøte om ungdom og rus. Saniteten har hatt i fleire år hatt ønske om å informera om dette til «nye» foreldre og besteforeldre sidan det no er såpass mange år sidan det var arrangert eit tilsvarande møte sist. Dei tok difor kontakt med FAU for å høyra om dei kunne vera interesserte i eit samarbeid.
Les heile saka
Både Driva.no og Tk.no melder no at ferja mellom Kvanne og Rykkjem er innstilt grunna tekniske problemer. Problemene oppsto da en hydraulikslange på kjørebrua gikk i stykker. Reperatørar frå Mesta i Molde er påkalla, slik at feilen vil mest truleg bli retta innan klokka 21 i kveld melder Driva.no.
Les heile saka
Stangvikfestivalen’12 tjuvstartar årets festivalsesong med påskeunderhaldning førstkomande laurdag 31. mars i Bondehuset. Da har dei både kultur, mat og drikke å by på. Den musikalske delen er det Hedda Hansen Berg (piano), Beate Mordal (song) og Sverre Johan Aal (song) som byr på. Elles reklamerer dei med at det i «Bar’n i løypa» finnes både vått og tørt, inkludert den verdskjente fiskeburger’n eller kanskje den kallast Stangvikburger’n? Dei opnar dørene kl 19 og konserten startar kl 20. Inngang kr 150,- Dei ønskjer alle velkomne til triveleg kveld i lag! Her finn du plakaten!
Todalen Småbåtforening er nå historie. På årsmøtet Fredag 24. mars ble det vedtatt å endre navn til Todalen Båtforening. Navneendringen vil kanskje ikke bety så mye i det daglige, men er kanskje mer et lite tegn på en revitalisering. Samtidig som navnet ble endret ble også ny logo, tegnet av Line Kvendset, approbert for bruk. Vedtektene ble revidert og noen små endringer ble vedtatt. Båtforeningen har nå et nyrevidert sett med vedtekter som gir oss et godt grunnlag for å drive et andelslag på en ryddig og demokratisk måte. Årsmøtet ble gjennomført på en inkluderende og grundig måte, der alle fikk anledning til å si sin mening, før tydlige vedtak ble gjort ved avstemning.
Les heile saka