I går kveld var foreldre og besteforeldre benka i gymsalen på Todalen oppvekstsenter for å oververa årets juleavslutning. Her hadde både skuleelevar og barnehageungar øva inn både sketsjar, songar og høgtlesing. Og som vanleg var det fornøyeleg å vere publikumar. Særleg dei yngste imponerte stort med sine framføringar av mange innøvde julesongar. Innsatsen var det ingen ting å seie på.
Les heile saka
Måndag var det storstila bursdagsfeiring på ICA Todalen. Ragnar fylte seksti år, så Kaffekroken var arena for servering av kaffe og blaukake til alle som har vore innom butikken for å gratulere. Både stamgjestar og langvegsfarande var i løpet av dagen innom og fikk en bit av jubilumskaka og ein kaffedråpe.
Les heile saka
Eit sikkert teikn på at jula nærmar seg er 4Hs stand med salg av julenek ved ICA Todalen. Tilbudet var kr 80 for eit fint julenek, og dei fortalte at mange hadde nytta seg av tilbudet og kjøpt både eit og fleire. Så det blir nok mange småfuglar som blir glade på litt ekstra god julemat rundt om kring i bygda. Søndag har dei planer om å dra til Nordvik på salgsrunde.
Om ei veke er julekvelden her, og i skulen er juletreet pynta, julesongar og program er innøvd til førjulskvelden måndag 19.desember. Alle er velkomne! Ved oppvekstsenteret har vi som vanleg hatt ein travel, men også koseleg desembermånad med mange aktivitetar. Måndagane har vi hatt stemningsfulle adventsstunder med lystenning og variert progam.
Les heile saka
Todalen oppvekstsenter melder om at den årlege juleavslutninga på skule er lagt til førstkommande måndag klokka 18. Her vil det bli underhaldning både av barnehageungane og ungane i løpet av kvelden. I tradisjon tur blir det også gong rundt juletreet. Ellers er det kanskje rå å få sjå nissen, om han får fart på sleden på bera?
Les heile saka
Førstkommende søndag kl. 1100 er det gudstjeneste i Nordvik forsamlingshus. Gudstjenesten på Nordvik siste søndag før jul er en gammel tradisjon som ble innført før Bernt Venås ble ansatt som sokneprest for ca 20 år siden. Bernt kan huske at de første årene han kjørte inn til Nordvik var det folksomt etter veien av personer som skulle til forsamlingshuset på gudstjeneste. Da var det bare noen få som benyttet bil, og de aller fleste gjekk eller benyttet spark, alt etter føreforholdene. No er nok situasjonen en annen, og de fleste benytter bilen med unntak av de som bor aller nærmest.
Les heile saka
Etter at det vart slutt på å halde juletrefest 2. juledag har dette vore eit sakn både for store og små, seier Terje Nordvik. No vil soknerådet dra igang att denne tradisjonen sog satsar altså på god gammeldags juletrefest, slik dei vart arrangert på 60-70-talet. Dette blir det siste arrangementet av mange som soknerådet har kjørt i høve 150-årsjubileet til Todalen kyrkje, og det skal bli både underhaldning, mat og jultregong i ettermiddagstimane 2. juledag.
Les heile saka
Sykkelen til Ingrid Bergå er komen på plass igjen! Etter at nyheita om sykkeltjuveriet har florert både i Radio P4, Facebook og i andre media, er omsider saka løyst, fortel Terje Nordvik i ein e-post til Todalen.no. Det var Alf Inge Ulvund som fann att sykkelen i Husbyevja, og den er no attende hos sin rette eigar på Bergå. Han fortel vidare at Ingrid sjølvsagt vart glad og at ho takkar alle som har vore på utkik etter sykkelen og ikkje minst rettar ho ein stor takk til finnaren.
Formannskapet gjorde i dag einstemmig vedtak om å tilsette Karin Halle (46) i den nyoppretta stillinga som kommunalsjef i Surnadal kommune. Ansvarsområdet blir spesielt næring og utvikling. Karin Halle kjem frå Todalen, og kjem frå stillinga som NHO-direktør i Sogn og Fjordane. Tidlegare var ho reiselivssjef i Sogn og Fjordane i ein periode. Karin har flytta til Todalen, og tiltrer stillinga som kommunalsjef ein gong på nyåret. Les meir om Karin Halle her.
Vi kan gratulere Torgunn Nordvik som vinnar av månadens bilete for oktober med «Skoddehav». Vi gratulerer, og lovar at premien blir overlevert snart. Som dykk kanskje har sett, har dei siste bileta hatt noko «grønt tema». Årsaken til dette er at vi har måtte går tilbake i tid på grunn av at vi har fått inn få bilete i det siste.
Les heile saka
Hadde søndag kveld gleda av å vere til tilhøyrar under førejulskonserten ”Levd liv” i Stangvik-kyrkja. Det var på mange måtar ein alternativ konsert, eller kanskje ein aller helst skal seie ein konsert til ettertanke! Det var romanitrubaduren Elias Akselsen, punkdronninga Betty Johnsen og trønderen Børge Pedersen, som saman med vår eiga Tone Søyset Døving og musikarane Thomas Henriksen og Bjørn Røstad som ga oss nærare to timar med topp song- og musikkoppleving.
Les heile saka
Andre laurdagen i desember har frå 2006 vore oppteken for seks todalsgutar i forbindelse med deira årlege seanse med å teste årets juleølsortar. Også i år held dei sin årlege tradisjon og samlast til årsmøte med festmiddag i Todalen Juløltestarlag, med påfølgjande testing av årets julølsortar. I år heile 30 i talet, 21 av dei på glasflasker, medan 9 representerer boksutvalget. Tidlegare år har dei kun hatt øl frå vanlege butikkutsalg og Vinmonopolet, men i år testar dei og ein sort frå det lokale bryggeriet «Todalsbrygg».
Les heile saka