No byrjar julefreden å senke seg, og dette blei innleia med julegudsteneste i ei fullsatt Todalen Kyrkje. Prest Bernt Venås, saman med Todalskoret, gav oss ein fin start på julefeiringa. Det var ofring til Kirkens Nødhjelp og Afrikas horn.
Vi håpar alle får ei fredfull og fin julefeiring!
Måndag startar førehandsalget av billettar til julekabareten 3. juledag(27.12) på ICA Todalen. Det er Todalen Idrettslag som er arrangør, og dei skal kjøre 2 forestillingar. Den første går på ettermiddagen kl 15, og den siste på kvelden kl 20.00. På den første forestillinga vil det bli enkel servering i tilknyting til framsyninga. Den siste framsyninga kl 20 blir som eit slags serveringsteater, der det blir høve til å kjøpe seg smårettar og drikke til ved borda.
Les heile saka
Med dette ønskjer Todalen.no alle, inna- og utabygdes, ei god jul. Vi i Todalen.no-redaksjonen skal prøva å få med oss ein del av det som skjer i bygda i løpet av romjula, men håpar dykk også sender inn bilete til oss som vi kan bruke som dagens bilete eller til artiklar.
Les heile saka
Julaften er det julegudsteneste i Todalen kyrkje kl 13.30. Det er sokneprest Bernt Venås som held gudstenesta. Julaften er den store kyrkjedagen, og soknerådet reknar med at det blir nærast fullsett kyrkje. Soknerådet yrskjer alle hjarteleg velkomne til julegudsteneste!
Tradisjonen tro blir det juletrefest i Nordvik forsamlingshus 2. juledag kl. 1400. Da vil komiteen sørge for god servering, og som vanlig blir det gang rundt juletreet,samt lett underholdning for store og små. For de under konfirmasjonsalderen er vel besøk av julenissen dagens høydepunkt, med utdeling av gaver til alle barna, og kanskje blir det også noen pakker til de eldste. De 40 årene undertegnede har bodd på Nordvik har juletrefesten blitt arrangert hvert år, men den har selvsagt sin opprinnelse lenge før den tid.
Les heile saka
I førre veke var det stor festivitas ved Handelshøgskulen BI i Oslo. Dei gjord stas på studentane som var ferdige med studiane, og som fikk sin mastergrad etter at masteroppgåva var bedømt og godkjent. Therese Talgø frå Todalen var mellom dei, og ho tok sin mastergrad i strategisk marknadsføringsleiing. Ho hadde skrive oppgåva saman med Espen Liseth Rødsjø frå Trondheim, og dei to gikk helt til topps i konkurransen om beste oppgåve. Som takk for innsatsen fekk dei diplom og gåvesjekk på kr 25.000 frå Orkla Brands.
Les heile saka
3. juledag er det tid for å strekkje på beina igjen etter eit par dagar med mykje god mat. Da arrangerer Todalen I.L.s trimgruppe den årlege romjulsmarsjen, der dei inviterer alle til å ta ein tur rundt bygda. Det er høve til å starte mellom kl 12.00 og 15.00, og det et registrering både på Sandstad og på Bruset. Der blir det servert varm gløgg og kakao, og det er høve til å bli med på lotteri (kr 10 pr lodd). Alle som fullfører får fin deltakarmedalje. Kom og bli med! Her finn du plakaten.
Både torsdag og fredag (lille julaftan) er det ope til kl 20.00, så her kan du nytte høvet til å gjere siste julhandelen lokalt på kveldstid. Julaftan er det ope frå kl 09.00 til kl 13.00. Etterpå er det Julegudsteneste i Todalen kyrkje kl 13.30, så her går det slag i slag.
Det blir utstilling av gamle klassebilde i Skulstuå (Gammelskulen) i romjula. Det er ope 3. juledag (27.12.) i tida 14.00 til 16.00 og 6. juledag (30.12) til same tid. Utstillinga er i hovudleiligheta, og inneheld skulebilde fra 3 århundrer. Arrangør er Stiftinga Skulstuå i Todalen.
I løpet av dei siste dagane har det vore felt 2 jerv på Kårvatn. Den første, som vart felt laurdag var ein hann på mellom 2-4 år. Den andre vart felt i dag, og om den har det ikkje komme inn noko dokumentert informasjon på enda på Direktoratet for Naturforvaltning si nettside. Men kjelder todalen.no har snakka med i kveld melder om at det er to ulike jegarar.
Les heile saka
Fredag kveld hadde utflytta Todalinger for tredje gangen «Todals julebord» i Trondheim. Denne gangen ble det avholdt på Byåsen hjemme hos Elisabeth, med «kurvfest» med mye godt. En fantastisk kveld med gode gamle venner. Den Glade gjengen besto av Ingeborg Bruset, Jorid Kalseth, Mari Todalshaug (3 som forøvrig gikk i samme klasse i Todalen) Liv Mette Talgø, Birgitte Kalseth, Mette Torvik og Elisabeth Aas. Alle var enige om at det også neste år skulle arrangeres julebord for utflytta Todalsdamer.
Les heile saka
Torsdag 22. desember kl 06.30 er det vintersolverv. Vintersolverv kjem den dagen sola står lågast på himmelen. Klokkeslettet for dette varierer litt frå år til år, og vintersolverv kan derfor være både 21. og 22 desember, men i kalenderen er dagen av praktiske grunnar sett til 21. desember.
Les heile saka