Da har Gjermund jobbet hardti kulissene nok en gang for å få et nytt blogginnlegg klart for oss. De aller fleste har det litt travelt, derfor ble det litt lang tid i mellom denne gangen, men håper på et kjappere innlegg til neste gang. Uansett, nå beveger vi oss til vakre Svalbard og «besøker» Sigrid Elise Talgø, opprinnelig frå Øyagrenda.
Les heile saka
Laurdag var det sesongstart i Svinviks arboret. Da todalen.no var innom tidlig på ettermiddagen var det regnbyger, men det var fleire som trossa vêret og tok turen til arboretet for å sjå rododendronblomstringa som enno er i startfasen. Dord Kjersti Mogstad som er fagleg ansvarleg for arboretet fortel at dei no ventar på varmen, slik at det blir sett fortgang på blomstringa. Det står fleire hunde sortar med rododendronbusker, med knoppar som er klare til å springa ut. Så når varmen kjem så vil det bli nerast ein eksplosjon i blomstringa.
Les heile saka
Det vart ei fin markering av Verdas aktivitetsdag 2012 i Svinvika, med vêrgudane i godlage og rundt 60 vandrelysne som var møtt fram. Arrangementet var eit samarbeid mellom Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag, Surnadal demensforening og helselag og Norsk Vandrefestival, og det var sett opp 3 alternative turalternativ som ein kunne velgje mellom. Etterpå var det servering av kaffe og bakels under open himmel i Svinviks arboret, og der var det også underhaldningsinnslag med Monna Tandberg. Ho framførte «Det vakreste som er skrive om kjærleiken» til eit lydhørt publikum.
Les heile saka
Stangvik historielag vil gjenta suksessen med kulturvandirng på Kvanne. Etter utallige oppfordringar om reprise på vandringa, blir det ei ny vandring laurdag 12. mai kl. 1200. Alle som vil delta kan møte ved Jokerbutikken. Magne Hansen er guide, og etter vandringa blir det ei enkel servering.
Igjen er det tid for å kåre månadens bilete. April var forhåpentlegvis siste månad før sommaren med store snøfall, og sola har no begynt å gi vårlege temperaturar. Dette gav oss både vinterlege og vårlege bilete i april.
Les heile saka
«Som kjent er det ikke størrelsen som teller i alle sammenhenger», skriver Knut Haugen på nettsida til I.L. Søya. «Kanskje har det en viss betydning når det gjelder fotballtribuner, men på tribunen skal det også være trivelig og fint – og ikke minst skal den ha en «sjel». Vår påstand er at Søya ved «Banksletta» har Nordmøres beste fotballtribune – riktignok med bare 16 sitteplasser. Såvidt vi vet verdens minste sittetribune med tak!»
Les heile saka
Trondhjems Turistforening har søkt om løyve til å sette opp ny turisthytte i Naustådalen. Den skal erstatte den gamle naudbua som står innafor Naustådalsvatnet, og som da er tenkt skal rives. Verneområdestyret har på møte den 7. mai imøtekome søknaden, men på visse vilkår. Mellom anna skal tak og veggar være av tre eller stein og ha grå fargetonar for å minimere byggets visuelle effekt. Her kan du laste ned referat frå møtet i Verneområdestyret for Trollheimen.
Laurdag 12. mai er det klart for sesongopning i Svinviks arboret. I arboretet er allereie rododendronblomstringa så smått igang, men den kalde våren har gjort sitt til at blomstringa har bremsa opp litt og er godt «timet» med sesongopninga, fortel Ola Bruset som er vaktmester i arboretet. Bruset fortel at det no er rydda og klart til å ta imot publikum frå både fjern og nær.
Les heile saka
På årsmøte i Todalen elveeigarlag vart Ola Bruset valgt til ny ledar i laget. Med seg i styret har han Gudmund Hyldbakk som kasserar, Asbjørn Karlsen som sekretær og Ståle Ansnes og Anders Talgø som styremedlemar. Han fortel at det i år er same fangstperiode som i 2011 i Toåa. Fisket etter laks og sjøørret startar 15. juni og varer fram til 15. august. Men laget er i år pålagt å gjera ei vurdering av fisket midt i sesongen, på grunn av den kritiske situasjonen for villaksen. Dette vart også gjort for eit par år sia.
Les heile saka
Fredag 4.mai var det den offisielle 4H-dagen. Og 4H Norge oppfordret 4H-ere til å sove ute denne natta. Start 4H bestemte derfor å ha overnattingstur på Gunnøya.
Les heile saka
Vi er enno i startfasa på maimånaden, men det tyder på at det blir ein kald månad. Det har vært frost både i natt og i gårnatt, og langtidsvarslet på yr.no tyder på at det blir kaldt i fortsettinga også. Jon Bruset har registrert minimums- og maksimumstemperaturar på Småhjellan, og har sjekka stoda frå mai 1990 og fram til no. Han fortel at for omtrent halvparten av åra har det ikkje vært minusgrader i mai. Det «værste» året var 1995 med 9 frostnetter.
Les heile saka
Fredag 11. mai kl 10-16 arrangerer Indre Nordmøre forsvarsforening dugnad på Krigsminnesamlinga på Åsen. Aktuelle gjøremål er reihald, måling og rydding, melder Olav Jostein Holten. Seinare i vår, nærare bestemt laurdag 26. mai kl 12-16 vil foreninga arrangere «Open dag» på krisgsminnesamlinga i Eidet gamle skule. Da blir det omvisning og salg av grillmat og kaffe. Alle er velkomne!