Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæther
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
Julerevyen #ViÅ er avlyst
Fotballgruppa i Todalen I.L. som er arrangør av julerevyen #ViÅ, har avlyst arrangementet i Todalen ungdomshus på grunn av dødsfall og sjukdomsforfall. Revyen blir sett opp att i påska 2018, men dato er enno ikkje bestemt enno melder fotballgruppa i T.I.L.
Mobiliserer til deltaking på romjulsmarsjen
Trimgruppa i Todalen idrettslag mobiliserer til romjulsmarsj 3. juledag. Etter eit par rolege dagar med mykje god mat, så er det godt å kome ut og bruke kroppen litt – og så er det sosialt, da. På runden rundt bygda kjem du garantert til å treffe folk du ikkje har treft på lenge, seier trimsjef Jorunn Nordvik til Todalen.no
#ViÅ: Har du sikra deg revybillettar?
Øvingane til julerevyen går for fullt, og no er også salet av revybillettar forlengst starta på Matkroken Todalen. Vil du ha litt kortreist underhaldning i julehelga, så er det berre å stikke innom Matkroken og kjøpe billettar til julerevyen #ViÅ som går i Todalen ungdomshus 3. juledag – 1. forestilling kl 15 og hovudforestillinga kl 20.00. Løp og kjøp, seier revysjef Anders Gjeldnes, som held i trådane for årets julerevy.
Julerevy – no kan du sikre deg billettar
No er billettane til julerevyen «#ViÅ» i sal på Matkroken Todalen. No er skrivearbeidet ferdig, og øvinga er godt i gang. No er det berre sensasjonelle hendigar som kan påvirke stoffet til julerevyen, gliser Anders Gjeldnes som er revysjef i år.
Bekmørkt i den frakkaste julegata….
Kven har teke den fjerde nissen?? Er det Frøken Bladfyk som har teke julefreden med ein smell?? Og er det sååå strevsamt å væra nissemann at lufta har gått ut to veker FØR julaftan? Spørsmåla er mange på Kvendsetgarden for tida etter at både nissar og den frakkaste julegatå i bøgd’n har teke kvelden og vorte beksvart. Handelsmannen gjer nok gode pengar på auka kaffesal i kaffekroken da det er litt av eit kaffekrokmysterium.
Idrettslaget avslutter solariumsdriften
I flere år har Todalen IL drevet et solarium i forbindelse med Hett & Svett. En løsning man oppgraderte i 2015 med ny sol og etterhvert med nytt låssystem i vår – tilpasset krav fra offentlige myndigheter.
Klart for nytt randonee arrangement
Også i 2018 er Todalen IL tildelt renn i Norgescupen i randonee. Helga idrettslaget har fått tildelt denne gongen er 3. og 4. mars, og rennet er i følge skiforbundets eiga heimeside lagt til Kårvatn.
Tjønnmyran er eit av turmåla for StikkUt ski!
No er det klart for å presentere vinterens turmål for StikkUt ski. Rundt om kring i Surnadal kommune er det 6 postar, der lysløypa på Tjønnmyran er ein av postane. Det er opna for registrering 15. desember, og alle StikkUT-postane er lagt til oppkøyrte løyper som er egna for både born og vaksne.
Fint på glattisen
Skøyteisen på Bordholmen er fortsatt i tipp topp stand for alle skøyteinteresserte. Gjengen som driv med vedlikehald har i helga skråpa den, slik at isen vart litt større med fine kantar i rundt. Og med ei vatning i kveld, og ei på formiddagen i morgon er den atter klar for harde tak etter skuletid i morgon.
Fine skiforhold på Tjønnmyra
Det meldes om fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Her er det berre å ta fram skiutstyret og få fart på blodsirkulasjonen melder Gunnar Nordvik som har ordna spor.
Bordholmen: – stor stemning med isleik…
Vi har fått ein heil serie med bilder frå aktivitetane på isen med Laila Bergli. – Det var bra med folk og god stemning, skriv ho. Temperaturen heldt seg under null, og det var fine isforhold, og det kom til og med folk «utåfrå» for å bli med på leiken. Og Julia stekte bakels slik at heile gjengen kunne kose seg i pausen..
Så vart det kaldt – og leik på isen…
Endeleg vart det kaldt nok til å islegge asfaltplassen på Bordholmen. Nokre dagar med kuldegrader er nok til at Todalen I.L. har laga ein fin isbane på Bordholmen, og dermed var aktiviteten alt i gang med ishockeyskeiser og køller.