Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag

Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæter

Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes

Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett

Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø

Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby

Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby

Driftsleiar ungdomshuset: John Moe

Driftsleiar Toåa tursti: Elinor Bolme

Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo

Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik

Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik

Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø

Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:09 - Sist oppdatert: 20. mars 2024, 07:47

Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Sondre gler seg til å teste EM-forma i Dalalia

Jon Olav Ørsal Fredag 2. mars 2018

Da vi snakka med Sondre Svensli i kveld gledde han seg til å teste EM-forma i Dalalia i morgon. Han deltok i EM på Sicilia i slutten av februar som einaste norske deltakar i juniorklassen. For Sondre vart beste plassering ein 10-plass, og det er han godt nøgd med. Men laurdag er det altså Dalalia som gjeld, og det er kjempefine forhold med puddersnø og vêrgudane er i godlynne, seier rennleiar Nils Ove Bruset.


Retteleg fine forhold oppå Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Fredag 2. mars 2018

No er det nyoppkøyrde spor og retteleg godt skiføre i skianlegget oppå Tjønnmyrå. I dag skein sola, ho vermde godt i området rundt gapahuken,  – litt mindre sol i den ytste delen av løypa. Så det er berre å ta fram skiene for å nyte vinter, snø og ski på Tjønnmyran.


Klart for Stikk UT! Ski på Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Tysdag 27. februar 2018

Stikk UT!-kontakt i Surnadal, Norunn Holten, melder at no er det opna for Stikk UT! Ski oppå Tjønnmyran. Postkassen med bok og kode er på plass, og forholda er fine. Rundturen oppå Tjønnmyrå er på 1,6 km, stigninga er berre på 40 m. Turen har grøn kode, altså ein enkel familietur. Og så ligg det godt […]


Svorka støttar gode lokale formål

Elinor Bolme Måndag 26. februar 2018

Svorka brukar inntil ein million kroner årleg på sponsing av lokale aktiviteter i Surnadal, Rindal og Halsa. På Svorka si heimeside skriv dei at det er viktig for dei å ta eit aktivt samfunnsansvar, og gje noko tilbake til lokalsamfunnet. Som stolte sponsorar presenterer dei kvar månad eit lag eller ei forening som mottek støtte. I februar er det Todalen […]


Norgescup i randonée i Dalalia neste helg

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. februar 2018

Første helga på mars står Todalen I.L. som arrangør av norgescup i randonée i Dalalia på Kårvatn. Heilt sidan 2010 har Todalen I.L. stått som arrangør av både uoffisielle og offisielle norgesmeisterskap og norgescup-renn, og står faktisk på terskelen til å få internasjonale arrangement, fortel rennleiar Nils Ove Bruset.


Todalen idrettslag – kunngjering av årsmøte for 2018

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. februar 2018

Årsmøte i Todalen Idrettslag blir halde i Todalen Ungdomshus torsdag 15. mars 2018 kl. 19:00, melder styret i laget. Den fullstendige saklista for årsmøtet er ikkje klar enno, men det blir vanlege årsmøtesaker og eventuelt innkomne saker. – Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå seinast 8.mars. Innkomne saker må vera meldt til styret innan 1.mars.


Todalen IL må endre vedtektene sine

Elinor Bolme Måndag 5. februar 2018

Todalen IL ønsker å legge ut litt forhåndsinformasjon vedrørande endringar av vedteker/lovnorm på årsmøtet 15. mars. Norges Idrettsforbund har dei siste åra jobba for å tilpasse alle vedtektene i idrettslag som er tilknytta idrettsforbundet.


Ikkje 4 år til neste OL vel?

Elinor Bolme Sundag 4. februar 2018

Rundt 60 personar tok i dag turen til OL Todalen 2018 på Bordholmen. Og med allsidige, men likevel enkle øvelsar var det meir som ein suksess for gamal og ung som både deltok eller berre var heiagjeng. Ski og friidrettsgruppa var arrangør og hadde laga fine banar både for skøyter, skiskyting og curling. Så liknande leikar kan dei trygt arrangere fleire gonger.


Alt klart til OL

Elinor Bolme Laurdag 3. februar 2018

Laurdag føremiddag vart anlegga til Todalen Vinter-Leker 2018 klargjort til storinnrykk av utøvarar i alle aldre til i morgon. Skøytebanen er målt opp og merka, skiskyttarspora er kjyørt opp, skytebanen er testa, curlingblinken er merka og curlingsteinane er testa.


Vinter OL på Bordholmen

Elinor Bolme Onsdag 31. januar 2018

Skigruppa i Todalen IL inviterer til Bordholmen søndag 4.februar fra kl 1300 og utover dagen. Det vil være salg av bakels og græt og kaffe.


Tid for å fornye medlemsskapet i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. januar 2018

Med nytt år er det tid for medlemskontingent for 2018. Todalen Idrettslag har mange medlemmer, og det er litt av en kabal å få på plass for kassereren. Todalen IL er registrert i frivillighetsregistret, og det settes ganske strenge krav til innkreving av medlemskontingen og handtering av registrerte medlemmer, forteller kasserer Michal Heimlund. Han har lagt mye arbeid i å rydde opp i medlemsregistret og fått på plass et system i forbundets opplegg som heter KlubbAdmin, og faktura finner du i postkassen en av de første dagene.


Prima skiføre og premiere for ny sporfres

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. januar 2018

Todalen I.L. har satsa mykje på lysløypa på Tjønnmyra dei siste åra. Siste nytt er ein sporfres for traktor, som freser og lagar skispor. Tysdag var det premiere for det nye utstyret som har kosta rundt 130.000 og resultatet vart bra, konstaterer Ståle Ansnes.