Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
Ordinær balleik
I kveld er det ordinær todelt balleik melder arrangørane da kampsportsjef Anders Miyagi Braaten er bortreist. Til og med 3. klasse fra klokka 17.30, og for dei fra 4. klasse og oppover fra 18.30.

Klare for skihytta og vinterkurs, med forviklingar – oppdatert
Friluftslinja ved Nordmøre Folkehøgskule har lang tradisjon for å arrangere fjellkurs for sine elevar på TILs skihytte på Ørsalfjellet. Sjølv om vêret ikkje var det aller beste starta dei ut på tur til hytta i dag – og klassen med 15 deltakarar skal friste opphald på skihytta eit par dagar framover, fortel Terje Nordvik som er leiar for hyttestyret og kontaktperson for skihytta.

Skikkeleg pådrift for turstiprosjektet
Dei siste par månadene har prosjektet Toåa tursti kome i skuggen av julefeiringa, men no blir det full rulle utover våren, fortel Elinor Bolme som er ein av initiativtakarane for prosjektet. Laurdag var det dugnad, der skogrydding stod på dagsorden. Rundt 20 deltakarar på dugnad denne laurdag føremiddagen er heilt storarta, seier Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen I.L. som står attafor prosjektet som største bidragsytar.

Dugnad i turstien
Førstkommende laurdag kl 10 og utover blir det ryddedugnad i Toåa tursti. Siste etappe er no i oppstartsfasen og litt rydding i området bak gapahuken i Gunnøya må til før entreprenør Per Gjeldnes kjem for å planere stien fra Båthølen og nedover.

Ypperlege forhold
Det meldes om fine skiforhold på Tjønnmyra. Ein skulle kanskje tru at det er bortimot bart, men set er det ikkje kan skigruppegeneral Gunnar Nordvik melde. -Det er harde fine spor med nysnø i, så folk må berre ta med seg skia og komme seg ut i bevegelse oppfordrar han.

Populært med kampsport
Opplæring i kampsport var ei kjærkoma avveksling for borna i gymsalen i kveld. Det var Anders Braaten Raaen som var instruktør, og denne kvelden vart det køyrt eit opplegg som var tilpassa alle alderstrinn. Dette var tydeleg vis noko som var populært og det det var mesta fulltallig deltaking på kveldens arrangement. Og jammen såg […]
Kampsport som balleik
I morgon blir det ikkje tradisjonell balleik melder Todalen IL. Da blir det i staden introduksjon av kampsport. Todalen er så heldig å ha fagfolk på dette fagområdet også i mangeårig kampsporttrenar Anders Braaten Raaen

Svinvikrunden – vintertur på barmark
Det uvanleg milde vintervêret med mykje regn har gjort at all snø og is er borte i gammelvegen der Svinvikrunden går. Etter trimboka å dømme var det mange som nytta høvet til ein barmarkstur på laurdag, og dersom vêrmeldinga på yr.no treffer på så blir det mildvêr i komande veke. Dermed kan vi anbefale å ta turen til fots!

Evaluerte feiringa av nasjonaldagen
Det hører med til oppgåva til komiteen som står for feiringa av nasjonaldagen å evaluere arrangementet. Tysdag kveld var 2019-komiteen samla på kantina på Talgø for å evaluere både arrangementet og for å godkjenne rekneskapet frå arrangementet. Leier i 17. maikomiteen Rune Moe var godt nøgd med arrangementet, som var vellukka og som kom ut med eit moderat overskot etter at alle kostnader var betalt

Volleyballen fortsett
Volleyballtreninga fortsett også inn i 2020 med samling i gymsalen på tirsdagar kl 19.30.
Rett på med balleik
Todalen IL startar nyåret med balleik allerede i morgon kveld. Da blir det to sesjonar; dei minste opp til 3. klasse først, og så fra 4. klasse og oppover etterpå.

Skøyteavbrekk på Bordholmen
Ski og friidrettsgruppa inviterte til alternativ barn i løypa på skøyter på Bordholmen i dag. Etter kvart dukka dukka det opp rundt 15 ungar sør leik og moro på isen. Første post på programmet var hurtigløp på merka bane, før det vart hockeykamp.