Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag

Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæther

Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes

Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett

Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø

Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby

Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby

Driftsleiar ungdomshuset: John Moe

Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme

Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo

Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik

Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik

Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø

Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:09 - Sist oppdatert: 1. desember 2024, 11:01

Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Fine forhold og nykøyrte spor i fjellet

Jon Olav Ørsal Fredag 10. april 2020

Fersk førerapport frå Skihytta og Tristeinan:  Kjempefint føre med 10 cm nysnø og 2 kuldegrader!  Det er i dag køyrt på spor frå Innerdalsmerket, via Talgøsetra og Tristeinan, vidare til Snekkardalshalsen og til Skihytta på Ørsalfjellet.  Vidare er det køyrt på spor frå Øyalia og til Skihytta.  Den tradisjonelle Kjerringdilten er imidlertid avlyst på grunn […]


Skiløyper til fjells

Jon Olav Ørsal Måndag 6. april 2020

Skutergruppa i Todalen I.L. melder om oppkøyrte løype både via Kleivhaugan og Huslia til Talgøsetra og vidare opp til Tristeinan.  På same måte er det påkøyrt spor opp Øyalia og vidare opp til Skihytta.  Det rapporteres fønvind og varmegrader i fjellet, og det tærer nok på skiføret som er kram nysnø og «sygande» føre.  Folk […]


Mykje snø og rasfare i fjellet – utvis stor forsiktigheit!

Jon Olav Ørsal Sundag 5. april 2020

Det er betydeleg rasfare i Trollheimen, og varsom.no oppfordrar folk til å være forsiktige. Dei melder om litt snøfall og deretter temperaturstigning. – Vær oppmerksam på våte laussnøskred i låglandet, fersk fokksnø i høgda og store ustabile skavlar, er budskapet derfra.  Lokalt har skutergruppa i Todalen I.L. vore ute og jobba i dag, men mykje nysnø og tungt føre har laga mykje trøbbel for løypekøyringa. 


Årsmøtet i Todalen I.L. er utsett inntil vidare

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. mars 2020

I ut og orden er årsmøter og andre sammankomstar avlyst eller utsett på ubestemt tid. Årsmøtet i Todalen Idrettslag er heller ikkje nok unntak. Årsmøtet var tillyst 31. mars, men blir no utsett inntil vidare, melder leiar i laget, Nils Ove Bruset.  Ny dato vil bli kunngjort seinare, fortel Bruset. 


T.I.L. stenger treningssentret Hett & Svett ein periode

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mars 2020

Todalen idrettslag melder at dei stenger treningssentret Hett & Svett ein periode.  Dette har si begrunning i at T.I.L. vil bruke «føre var-prinsippet» for å begrense spreiing av coronaviruset.  


Norgescupen i randonee blir avlyst!

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. mars 2020

Etter anbefaling av Norges skiforbund (NSF) og Surnadal kommune, har Todalen I.L. besluttet å avlyse NorgesCupen i randonee på Kårvatn i Todalen den 21. og 22.  mars 2020, skriver Todalen I.L. i ei pressemelding.  NSF og den olympiske komite ber om at alle idrettsaktiviteter  opphører med umiddelbar virkning. 


Barn både i og utafor løypa

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mars 2020

Søndag var det annonsert barn i løypa på Tjønnmyra, men med sol og 10-12 varmegrader vart det berre så som så med skiføret i lysløypetraseen. Men det var mykje anna å finne på i finvêret, og ingen trong å ligge på latsida likevel og både akebakkan og klatreparken vart flittig bruka.


Ny tredemølle på plass på Hett & Svett

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. mars 2020

Todalen idrettslag har investert i ei ny tredemølle som vart montert på hett & Svett i dag.  Utstyret på i idrettslagets treningsstudio er flittig bruka, og ei av dei gamle tredemøllene må no byttes ut. Det har vore prove ei oppgradering med service, utan at det har lukkast.  No er altså den nye tredemølla på plass, og i dag har eit ekspertteam som har vore leia av Knut Bergli sørga for montering av den nye tredemølla.


Ny runde med kampsporttrening

Elinor Bolme Måndag 2. mars 2020

Dei kommande tre onsdagane framover blir det arrangert kampsporttrening i gymsalen på skulen igjen. Instruktør Anders Braaten Raaen stiller for nye runder med den populære aktiviteten, som blir tilpassa dei ulike alderstrinna som møter opp.


Klart for fjelltur – skuterspor til fjells

Jon Olav Ørsal Fredag 28. februar 2020

Det er køyrt opp skuterspor til fjells både i Øyalia opp tmot Skihytta og frå Innerdalsmerket opp til Tristeinan.  Det er godt føre, men det er meldt litt sør austleg vind dei neste par dagane. Ein må pårekne litt snøfokk i høgda, seier Gunnar Nordvik i TILs ski- og friidrettsgruppe.


Nypreparerte løyper

Elinor Bolme Onsdag 26. februar 2020

Sporkjøyrar på Tjønnmyra Ola Dalsegg melder om vindunderlege forhold i lysløypa. Han kjøyrde opp nye spor i går kveld og kan fortelje at de vil bli vedlikehelt også framover så lenge vêret held seg. Også løypemannskapet på Vang kan fortelje om fine skiforhold i deira løypenett.


Endeleg vart det barn i løypa

Jon Olav Ørsal Måndag 24. februar 2020

Vi har venta leng på skiføret i vinter, slik at vi har kunna arrangere «Barn i løypa».  Endeleg vart det såpass med snø det siste døgnet, så no er det nypreparerte løyper og fint skiføre i lysløypa på Tjønnmyran, seier Gunnar Nordvik som er leiar i Ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L.  Dermed vart det hastinnkalling til skirenn og snøleik på Tjønnmyran i kveld, til stor glede for dei mange smårollingane som hadde funne fram skier, akebrett og rattkjelker.